tirsdag, november 22, 2011

Shoppingtur - igjen.

 I dag var ikkje arbeidslysta på topp, så då måtte vi ta oss ein liten tur. Vi hadde eit ærend bort til Lefdal i Furene-ville kjøpe ei induksjonskokeplate,liknande den som Rasmus har. Eg hadde sjekka på nettet og funne ut at Lefdal hadde beste tilbodet.
Ikkje alle er klar over kor stort og innhaldsrikt industri-og handelsområdet i Furene er, derfor tenkte eg å presentere litt her, for t.d. nordfjordingar og øyafolk som av og til handlar i Ørsta. Ved sidan av Lefdal bygger dei no ein kjempestor Megabutikk som skal opne den 26.nov.Då eg stod på vegen og tok bilda hadde eg desse to butikkane til høgre og Plantasjen til venstre.
Eit stykke lenger borte hadde vi også eit ærend. Då såg eg ein flisbutikk med ei veldig fin og spesiell fasade.



Sidan vi var så godt på veg, tok vi like godt ein Voldatur for å sjå på den nye kafeen og blomsterbutikken rett opp for småbåthamna i dei nye husa der.Der såg heilt greitt ut, men det var fullt på kafeen, så vi sette oss ikkje til. Eg skulda på at eg måtte til Volda og hamstre garn. Og det gjorde eg.
Vi enda opp på Amfi, som vanlig, og kjøpte frosen pizza med oss heim.Det vart middagen i dag.

3 kommentarer:

solveig sa...

Den nye Coop-butikken lovar godt for nedbetaling av Eiksundsambandet! Det vert vel julehandel i Ørsta for mange. Eg ser dei skal få Claes Ohlson-butikk før neste jul. Eg trur det demmer opp for Moaturar.

Hildegard sa...

Det kan sjå ut som Volda-Ørsta kan kome til å konkurrere ut både Moa og Førde. Mange nordfjordingar reiser nordover no etter den harde sjukehus-striden som har øydelagt vårt fylke.

Besta sa...

Var innom Målar -Olav for ei tid sidan, og der sa dei at dei hadde mange kundar frå Eid.Det er ein fin butikk med godt utval i t.d.alt innafor maling, tapet, gardiner etc. Men den ligg ikkje midt i sentrum.
Det ser ut som om Furene, mellom Ørsta og Volda kan bli eit senter for shopping. Men det den eine vinn, tapar ein annan.

DAGBOK 2024: 19. APRIL

  Dette bildet er eit par veker gammalt, eg har ikkje fått orden på bildebruken enno. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er+8 grader, det ...