tirsdag, august 30, 2011

Vermelding 30.august - 2011

Klokka slår akkurat 4 (16 ). Det er + 14 grader ute, det er heilgrått og regn. Ikkje mykje oppløftande, men det skal visst bli fint i morgon. 
Det vart ikkje Ålesundstur på oss i dag, og det blir trulig ikkje i morgon heller. Ser ut som om vi får ha Suzukien ei stund. 
I dag har eg baka rundstykke og drive med litt anna husarbeid i tillegg. Hadde eit tur nedover for å sjå på den jakka eg ville kjøpe i går, men flekken var der framleis, så eg kjøpte den ikkje. Så tok vi ein liten tur til Volda, Nils skulle ha nokre skruar som han ikkje fekk tak i her, og eg måtte ha litt meir av ein spesiell sort garn som eg hadde kjøpt på butikken  attmed Narvesen. I dag hadde dei fått inn det lestegarnet eg likar best, det sterkaste av alle: Regia 6-trådig. Dei hadde fått inn mange nye fargar, men eg kunne ikkje kjøpe i hop meir garn akkurat no, må strikke unna litt først. Har hamstra.
Nils var vekke i timesvis i går. Alle partia hadde dugnad på Rådhuset og skulle legge brosjyrane sine i ein felles konvolutt. Partia var bedne om å legge sine lister etc. saman, klar til å putte i konvoluttar, men tru ikkje at alle hadde gjort det ! Så måtte dei andre partia hjelpe til. Dei er jammen dumsnille! Eg fekk gjort ein del "dataarbeid" sidan maskina fann det for godt å virke etter utblåsinga i går.
Vi har ikkje ete middag enno, men i dag skal vi ha kjøttbollar (kjøpt på tilbod på Coop ) i brun saus, med erterstuing og tyttebær.Det blir sein middag i dag.
Litt trist å stå på altanen og sjå ned på "hagemøblane"- dei har ikkje vore brukte i år. Kjem an på om vi skal knuse dei til pinneved, for dei er gamle. Vi kjøpte dei til Rasmus sin konfirmasjon, men heller ikkje den dagen vart dei brukte, for då snøa det.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...