mandag, august 29, 2011

Vermelding 29.august - 2011

Klokka er 17.15, temperaturen er + 15 grader C, det er overskya, og av og til kjem det ei regnbyge.
Denne dagen har gått opp i berre surr og reking. Hadde avtale med ei veninne om kafébesøk klokka 13, men Nils og eg for nedover ein time før, for å handle inn diverse på Europris og Coop. På Europris vart det mest garn, og av mat trong vi stort sett berre poteter,flatbrød og agurk. Men så er det desse tilboda,då. I dag var det tilbod på ferdigkrydra tacokjøttdeig, og det må sjølvsagt prøvast, og på kjøttpølser, som kan vere godt å ha på lur osv.
Ragnhild og eg hadde ei koselig stund på "Fru Svendsen", møtte fleire andre kjende der også. Etterpå var vi på klesbutikk og kika på diverse. Eg fann ei anvendelig cardiganjakke, men der var ein flekk på den. Ekspeditrisa meinte ho kunne fjerne flekken, og ho gjorde eit forsøk. Men eg bad henne henge jakka til sides til i morgon, vil sjå om flekken er borte før eg kjøper. Sjølvsagt.
Då eg kom heim, hadde Nils sett på potetene, og så vart det eit durabelig måltid med kald makrell. Eg tykte den var litt for lite salt, skulle brukt måleskei til saltet, det gjorde eg ikkje. Men makrellen som vi fekk no var mykje feitare enn den vi fekk tidlegare i vår, så det kan vere grunnen også.
Nils hadde datamaskina til reparasjon mens eg var vekke. Bill tok og blåste den rein for støv, og maskina virka med det same Nils sette den på. Då EG sette den på litt seinare, virka den IKKJE.
No er Nils vekk igjen, denne gongen på diverse møte etc. i samband med kommunevalet. Eit kvart er det heile tida. Onsdagen etter valet, startar Pensjonist-laget opp att etter ferien.
Vi har ikkje høyrt noko frå bilverkstaden, eg hadde håpa på Ålesundstur i morgon eller onsdag. Elles greier vi oss godt med Suzukien.
Vi har tre Opal-plommetre på plenen. På det eine er der litt plommer, berre sjå godt etter på bildet, så ser de dei. Dei andre plommetrea er nesten tomme i år.

1 kommentar:

solveig sa...

Vi har ikkje plommer i år, men eg fann ein pose i frysaren, så vi får smakt plommesylte i år og. Lite solbær også, men mykje rips!

Dagbok 2024: torsdag18.april

   Det er nokre år sidan dette bildet vart tatt på Hareid, med alle barnebarna i samme sofa Klokka er no16.56, temperaturen ute er + 10 grad...