onsdag, august 31, 2011

Bok nr. 50 - 2011: Jeg kan se i mørket.

Eg begynte på denne boka rett etter novellesamlinga til Lars Saabye Christensen, og først trudde eg det var ei novelle som stod att (begge bøkene låg på MP3-en)-så likt var det . Ein person som like godt kunne sprunge ut i SC sin fantasi som i Karin Fossums, og ein opplesar som heller ikkje var ulik.
Boka er katalogisert som krim, men det er først og fremst ein psykologisk roman; ei historie om ein person som er langt frå A 4. Eg er ingen psykolog, så eg kan ikkje stille diagnosen.Heile boka er ein lang monolog der denne personen fortel om seg sjølv, sine tankar,følelsar og gjerningar.Opplesaren, Kim Haugen, er fantastisk, han les med fleire stemmer, men overdriv likevel ikkje.
Boka liknar ikkje mykje på andre bøker eg har lese av Karin Fossum, den er ikkje spennande, slik at ein ventar ein kriminalroman skal vere. Men boka er god, så les den gjerne. De kan lese meir om boka på nettet om de vil.
Men les ikkje boka rett etter novellene til Lars Saabye Christensen, det var ikkje lurt. For sjølv om Fossum skriv svært godt, er ho ikkje på SC sitt nivå  verken når det gjeld språk eller innhald.

2 kommentarer:

solveig sa...

Denne står på lista over årets bøker eg har lyst å lese!

Besta sa...

Den ligg på maskina mi! Det er berre å ta med MP 3-en og komme på besøk. I dag fann eg ei Jan Mehlum bok. Dårlig utval på biblio for tida.

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...