fredag, september 30, 2011

Vermelding 30.september 2011

Klokka er no vel halv to. Temperaturen på trappa er + 20 grader C, det er skya, men opplett.I går var tempen oppe i + 24 ei stund på dagen.
Vakna og stod opp relativt tidlig i dag, då var det både skodde, grått og litt regn. Men veret har kome seg etter kvart, og no ser vi så vidt i sola. Nils held på å lage til middag; varmar opp kjøtkaker frå onsdag.
Eg plagast med ryggen.Får ofte eit lite "anfall" etter at eg har vaska golv, og det har eg gjort i dag. Og så har vi vore på ei gedigen handlerunde, først i Volda, der eg kjøpte lestegarn, og så på REMA 1000 her i Ørsta. MÅTTE berre inn og sjå om dei hadde kyllinglår, og det hadde dei. Dermed handla vi alle kolonialvarene der i dag, men måtte så vidt innom Amfi sidan eg skulle ha noko på apoteket. Viss veret betrar seg og blir like fint som i går, skal eg legge meg ut på altanen etter middag og kvile ryggen min.
No er det vel mange som snart har haustferie, og eg håper, mest for deira skuld, at vi får det fint nokre dagar til.Nils skal legge ut krabbe/ hummerteiner i morgon. Det er lov frå klokka 8.00 å fiske hummar!
God helg til alle! Og god ferie!

2 kommentarer:

Hildegard sa...

No må du ikkje slite deg ut før ferie-folket kjem, ingen er tent med det. Måtte lese bloggen til barnebarnet til Anders B. Det var fine ord frå ei jente i tenåra. Audny var i gravferda som repr. frå Tine. Kyrkja var fullsett og der var vakker musikk.
Ønskjer deg og dine ei god helg og kos deg med barnebarna.
Eidabesta

Besta sa...

Eg slit meg på ingen måte ut. Har god tid, og gjer berre LITT kvar dag. Men det er berre slik at det å bøye ryggen -det straffar seg, det å sitte mykje også. Men kven kan passe på alt?
Ja, eg las det som barnebarnet til Anders skreiv-det var fine ord om bestefaren.Lars og ungane var i gravferda.

Dagbok 2024: 24.april

                           Eg gjekk ein runde på Vernet før eg for på møte. Klokka er no 18.04, temperaturen ute er + 7 grader, sola skin no...