
I dag fyller Ole Kristian 20 år-og vi vil gjerne gratulere han med dagen . Mykje har skjedd sidan han sat på fanget til "gamletanta" for mange år sidan.No vil vi ønske til lykke med dagen og alt godt for åra som kjem.
Klokka er no 18.40. , temperaturen ute er + 18 grader C.Men det har vore varmare før i dag, og det har vore sol. Så snart eg var ferdig med ...
5 kommentarer:
Koseleg bilde. Kva anledning var dette tru? Vi har feira på Os med alle syskjenborna, tanter, onklar, besteforeldre m.v. Som vanleg var det triveleg.
Eidabesta
Anledninga var vel mormors 85-årsdag i 1989?
Ja, eg trur ariel har rett. Der var fleire bilde frå same anledninga, blant anna eitt av mamma med dei tre oldeborna ho hadde då.Og det kan stemme at OK er ca 11 mnd.?
Eg kjenner att strikkajakka mi som ligg i bakgrunnen... Kjøpt i England sommaren 1989.
Koseleg bilde, og takk for helsing!! Eg hugsar ikkje kva anledning dette var, men ariel har sikkert rett! I dag slappar vi av etter mykje besøk i går. Eg held på å male ein trekvit kommode. Orkar ikkje trekvitt lenger og har store planar, men ser at det er mykje arbeid. Eg kan ikkje strikke for tida og nesten ikkje hekle pga. venstre arm.... Hilde
Legg inn en kommentar