fredag, august 29, 2008

Krim for eldre?


Dette er tredje boka eg les av denne forfattaren, og eg kosar meg med det som eg sjølv har døypt "small-talk-krim".Veldig annleis enn vanlege krimbøker. Her er ikkje høgt tempo, grusomme scener, mykje banning etc. Her er det "kalde spor", funderingar og små historier om folka som er involverte.På same tid får vi høyre hovudpersonen, Erlendur, si livshistorie litt etter kvart.
Men det er ikkje pjattete. Både historiske og politiske hendingar frå vår nære fortid er med. I denne boka særleg perioden med "den kalde krigen". Som de ser har boka fått terningkast 6 av i alle fall ein kritikar.
Ivar Nørve, som sjølv er over sin andre ungdom, les boka, og stemma hans er perfekt til innhaldet.Eg skulle ønske eg hadde fått lese heile serien i kronologisk rekkefølgje. Dette er enkle, men ikkje banale, bøker som ein kan slappe av med.Ikkje alle bøker egnar seg som lydbøker, med denne gjer;få personar og oversiktlege hendingar.
Eg vil anbefale bøkene.

4 kommentarer:

solveig sa...

Eg har ikkje lese noko av denne forfattaren.
Eg synest det er greit at stemma som les, har karakter.
Hoem les sine eigne bøker fantastisk.
Både Frank Krogh og "han andre bergensaren" les Staalesen godt.
Anette Hoff las Wassmo si bok "Et glass melk, takk" med ei sart stemme som passa perfekt.

Hildegard sa...

Eg har tatt "fri" frå lesinga i sommar, berre eit par bøker, er byrja på "Øya" som eg fekk låne med Audny. Skuldar på latskapen at biblioteket har vore ute av drift.
Ser mykje TV kveldane, både Besten og eg er hekta på krimseriar. Ser på ein kanal og tek opp på ein annan, så vi er for det meste på etterkudd!! Eidabesta

Besta sa...

Vi får ikkje til å ta opp anna enn det vi ser, så naboen og eg brukar å ta opp til kvarandre. No får vi forresten ikkje til å ta opp i det heile tatt.Irriterer meg at det oftast er krim på dei to kanalane vi ser mest på -på samme tid.Eg les mykje fordi eg må vere så mykje i ro, men eg har alltid vore glad i bøker.

Wenche sa...

Jeg har lest alle av han, og liker de godt. Har finni fram strikkepinnene igjen også siden jeg ikke blir okkupert av V hele tiden lenger.
W

Dagbok 2024: torsdag18.april

   Det er nokre år sidan dette bildet vart tatt på Hareid, med alle barnebarna i samme sofa Klokka er no16.56, temperaturen ute er + 10 grad...