søndag, august 31, 2008

31.august 1899.







I dag er det 109 år sidan pappa vart fødd i Horten. Nokre månader seinare vart han døypt i Vålerenga kirke og fekk namnet Storm Wilhelm. Storm var eit svært uvanlig namn i mange år, men no ser eg at det kjem att.Han voks opp på Skarnes der far hans var stasjonsmeister. Bildet viser pappa på fanget til sin far, Olaus.
Mange år seinare flytta pappa til Eid. Den første bilen i Norge kom det året pappa vart fødd; fleire år seinare kom det også ein bil til Eid. Det var mange eigarar til den bilen, og pappa var ein av dei som køyrde den.Han hadde vel eitt av dei første sertifikata på Eid, vil eg tru.
På bildet sit han bak rattet i den bilen, og bildet er truleg frå Bjørkedalen.
Pappa døde i 1962.

Mormora mi, Marie Eline, vart fødd på garden Sætre i Breim den 31.august 1879. Ho og pappa hadde altså fødselsdag på same dato, og sidan det var 20 år mellom dei,hadde dei "runde" dagar på samme tid. Det siste felles jubileet var i 1959. Eg var ikkje til stades sidan eg jobba i ein avsides dal i Sunnfjord på den tida og kommunikasjonen var ikkje slik som no.
Besta døde i 1964.

7 kommentarer:

Elin sa...

Gratulerer med "jubileet". Interessant med bilete og historie. Ser at Solveig liknar på Storm.

solveig sa...

Vi hadde ein diskusjon på jobb om kva namn som er "in" no og Storm vart nemnd. Eg var så dum å seie at eg heiter opp att etter ein storm. Slik oppattkalling med berre ein bokstav ville dei ikkje høyre om. Poenget mitt var at namnebølgjer kjem att.
Storm døde før han vart bestefar, så ingen av oss har hatt eit forhold til han.

Besta sa...

De hadde aldri bestefedrer sidan begge var døde før de vart fødde. Eg har heller aldri sett min farfar, Olaus, som eg heiter opp etter, sidan han døde då pappa var ca 11år.Morfaren min heitte for øvrig Isak, eit namn som også vert brukt no igjen, etter å ha vore "borte" lenge.

Hildegard sa...

Ja, du Olaug held hovudet klart, artig at du kom i hug å "markere" dagen i dag med desse bilda.
Iflg Eidabesten er personane i bilen: Venstre sida bakfrå: Hilda, ukjend,Eldbjørg, Storm.
Høgre sida bakfrå: ukjend, ukjend, Johan Hellebust.
Eidabesta

arieldog sa...

Namnet Storm kom med i ein av juleseriane om Blåfjell, og seinare i Hotel Cæsar. Slikt gjer vel at namn kjem på moten att.

Besta sa...

Det var ikkje berre at namnet var ute av noten, det var lenge "ulovlig" fordi det også var brukt som etternamn.Det galdt ikkje berre namnet Storm, men også t.d. Anker. Seinare vart namnelova endra, og no kan ein visst kalle ungane det ein vil..

Besta sa...

Moten-ikkje noten.

Dagbok 2024: 26.april

Klokka er no 16.30, temperaturen ute er +8 grader og no skin sola mellom skyene. Det er berre ei lita stund sidan eg kom att frå turen på Ve...