onsdag, august 27, 2008

Makrell i lange baner.

Nils fiskar makrell i lange baner og deler ut til alle som vil ha.Vi likar makrellen både steikt og kokt, men best likar vi han kald, kokt med agurksalat og rømme.
Eg brukar ei oppskrift frå boka FJORDAMAT (den eg fekk til 60-årsdagen) som eg er veldig fornøgd med.Derfor vil eg gjerne dele den med andre.(Oppskrifta kan sjølvsagt fordoblast i det uendelige, men eg tek den minste eininga)

Kok lake av:
1/2 liter vatn
1/2 kopp eddik (5-7%)
1 ss sukker
3/4 ss salt
1 ts heil pepar


Når fisken er kokt, kan ein legge på 1-2 laurbærblad etter smak og behag.
Lat fisken stå i krafta til han er kald, gjerne til neste dag.
Bon appetit !

6 kommentarer:

solveig sa...

Eg har brukt oppskrifta i den blåruta kokeboka. Der er det mindre eddik, men meir salt og sukker. "Sylta fisk". No har eg skrive denne inn på same sida. Då kan eg velje neste gong.

LilleMø sa...

Mellomlanda faktisk i Ørsta i dag. Måtte til Oslo også for å kome meg til Stavanger. Er oljemesse i Stavanger og håplaust med hotellrom. Men er så heldig at eg får overnatte hos nevøen min på Sandnes. Skal til Klepp på Jæren i morgon tidleg på jobbmøte. Astronomien er det mest mr B som held på med. Utstyret er sjølvsagt topp...

Besta sa...

Då får du deg vel ein tur på gamle tomter med det samme.Næraste naboen vår er litt meir enn hobby-astronom, eg er litt meir enn vanlig interessert. Men eg har ikkje lese så mykje i seinare år, så då er stagnasjonen eit faktum.

Hildegard sa...

Takkar for oppskrifta, skal bruke den neste gong. Har du erfaring med å bruke frosen makrel til mat i staden for til agn? Er dessverre ikkje flink nok til å blade i kokebøkene eg har - må nok ta meg saman på dette området òg. Kjekt å sjå at LilleMø har det bra, visste ikkje at ho var på reise!
Eidabesta

Besta sa...

Det går fint å bruke frosen makrell til mat, men han bør ikkje frysast for lenge! Det er feit fisk,veit du.Eg brukar lite kokebøker. Skal eg lage noko nytt, går eg heller inn på nettet. Der finn ein også mange makrellrettar.Naboen vår har eit lite"bur" der han varmrøykjer makrell,vi har fått smaksprøver og det var godt.Som de forstår har vi ein del utveksling av fisk, bær, frukt etc. i nabolaget. Godt naboskap.

Besta sa...

Gløymde å seie at Nils frys makrellen rund, med sloget i. Slik held han seg best. Fin å filitere f.eks. når han eg halvfrosen.

Dagbok 2024: 28.november

Klokka er no 15.43. Temperaturen ute er minus 3 grader, men det er kaldt nok- bilda er tatt på parkeringsplassen ved ALTI.Det har vore sol i...