søndag, august 24, 2008

Naturalhushald.




Kva er det første ein gjer når ein har gjort ein jobb ein er litt stolt av? Skriv om det på bloggen så klart!
Mens eg låg på sofaen og slappa av med ei lydbok etter middag, hadde Nils vore ute og plukka alle Rivers Early-plommene. Dei var godt modne og måtte i grunnen takast med ein gong.Sidan eg likevel må sjå over alle plommene for at der ikkje skal vere nokon som er rotne t.d., tek eg like godt ein liten skarp kniv, deler plommene i to og tek ut steinen. Så er ein ferdig med den!
Det vart til at eg koka sylte av tre kilo plommer, resten, ca 8 kilo, vart pakka i plasposar klar til sylting og frosne.
Kvifor eg ikkje koka meir sylte når eg først var i gang? Høyrt om iglooar?Der ligg sylteglasa våre. Same procedure as every year.
Eidabesta får kanskje ein assosiasjon til ein viss tyttebærtur når ho ser den ferdige plommesylta med den fantastiske fargen?
Mens eg koka sylte, var Nils på fjorden og fiska makrell, småsei og lyr.

8 kommentarer:

solveig sa...

Vi har ete opp nesten alt vi fekk... Kanskje eg lurer unna ein liten porsjon til demonstrasjon på skulekjøkenet. Med grøne stikkelsbær ein dag, raude rips ein og blå plommer, kunne det bli fine bilde til Mat og helse sida mi, og kanskje bloggen.

Hildegard sa...

Du er virkeleg effektiv. Hugsar godt tyttebærturen. Vi også plukka resten av RE plommene i går og dei gjekk rett i frysen. Hadde bakedag både i går og i dag, så eg hadde ikkje energi til meir. I dag feira vi Helene i Eidsgt. med mykje god mat. LilleMø kan svinge seg når ho vil. Totalt 24 til bords, varmt og fint ver, så vi kunne sitje ute på balkongen. I kveld var Besten og Besta i Os-vika og brende barsok-bål i lag med svigersonen. Fin kveld.

Besta sa...

Eg er nok ikkje så effektiv som du trur. Dessverre. Men i fellesskap har vi greidd å berge både bær og frukt så langt. I fjord regna heile hausten vekk-med frukt og bær og det heile. Synest det er kjekt å få grøda i hus når vi først har den.

Hildegard sa...

I dag har det blese kraftig austavind her, så ein del frukt har falle ned. Får plukke etter kvart. Besten har hatt båten på land i helga og botnsmurt han, sjøsetjing i dag. Angåande syltetøy: Vi brukar syltetøy som "smørøye" på havregrauten i staden for smør og sukker! Eidabesta

Anonym sa...

Eg har ete enormt med plommer i dag! Eg greier ikkje å halde meg vekk frå dei. Når eg sit og gjer lekser kjem eg også plommene som ligg i en pose i kjøleskapet. Når eg ser ripsbæra i hagen, kjem eg på plommene då også. Skal tru korleis det går med meg når plommene er vekke frå kjøleskapet..
Kanskje eg fer ut i hagen og et halvmodne plommer frå treet.
PS: Plommene var frå dokke.
---
Til kveldsmat åt eg tomatsuppe som eg har laga sjøl. Heilt aleine utan ei sjel i nerheita. Pappa sat og snakka med ein eldre mann i telefonen, på kontoret sitt. Men Audun gjer ett eller anna i kjellaren eg ikkje veit om... regna med han ser på TV.
---
Denne komentaren vart nesten som eit innlegg då men...

-Olaug

Besta sa...

Vi har meir plommer igjen som ikkje er modne enno, så vi får ein lang plommesesong viss veret blir bra. Det er berre å komme på besøk!!! Rips har vi ikkje mykje att av, men vi får plukke så mykje vi vil ha hos naboane.

arieldog sa...

Noko av det beste som finst er nysteikte vaflar med plommesylte. Som variasjon kan ein ha brunost på vaflane i tillegg til sylte.

Besta sa...

Skal prøve å hugse det til neste gong de kjem på besøk. Det skulle no vere enkelt å lage til!Sylta vart veldig god-3 kg plommer + 1 kilo sukker!

Dagbok 2024: 17.april

                Dette var pynten på "Vernet" i fjor. Det kjem vel ein likeins i år. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er + 9 gr...