søndag, august 24, 2008

Det går mot haust.







Litt vemodig å merke at dagane vert kortare, nettene blir kaldare, folk tek til på arbeid og skule. Med andre ord:Sommaren er over. Heldigvis kan vi håpe på mange fine dagar enno. I hagen er det meste avblomstra, men her kjem eit bilde av "trøsta" mi. Heile nedste garasjeveggen er dekt av dei, blomsterkassane utanfor kjøkkenet har også nokre eksemplar, men finast står dei på muren ovanfor huset. Dette er blomsten for dei som vil unngå luking av blomsterbed av ein eller annan grunn.Dei kveler nemlig alt som er i nærleiken, også ugras.

No har vi hatt blomkarse på same stadane i fleire år og vi slepp nesten å så også! Dei produserer nemlig rikelig med frø som vi let ligge i bedda.Likevel spanderer vi litt nye frø kvart år, då får vi ofte litt nye fargar. Den nye i år er ein mørk raud som vi ikkje har hatt før.

Bilda vil eg ikkje skryte av-skuldar på kamera som vanleg.

Elles er det tid for innhausting av plommer. Rivers Early er klar til sylting, det blir den finaste sylta, fordi fargen er så fin. Opalplommene er gode spiseplommer, dei har vi mest av. Så har vi eit tre med Blue Rock som ikkje er så trivelig, eit Althans-tre, som ikkje ber mykje, og eit gammalt Victoriatre som bugnar. Spørs berre om dei blir modne.

2 kommentarer:

solveig sa...

Blomkarsane er fantastiske! Mine er små til samanlikning. Eg sådde dei nok for seint, og dei kan ikkje ha fått den næringa dei treng.

Hildegard sa...

Takk for tipset i vår, har blomkarse i verandakassene i lag med stemorsblomster. Skal så meir til våren no når eg ser kor enkelt det er.
Eidabesta

Dagbok 2024: 17.april

                Dette var pynten på "Vernet" i fjor. Det kjem vel ein likeins i år. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er + 9 gr...