torsdag, august 21, 2008

Sommaren 1999.


Sidan vi ikkje har vore på nokon spennande ferietur i år, sit eg og bladar i gamle album.
Sommaren 1999 var vi ein tur til Åland i Bottenvika, ein kjempefin plass å feriere, reine sydentemperaturen, blant anna. Dessverre fekk vi ikkje høve til å ete den Ålandske mat-spesialiteten mens vi var der, derfor kjøpte eg eit prospektkort med oppskrift på ekte Ålands-pannekake.Vart litt lang i maska då eg kom heim og oppdaga at eg hadde valt feil språk.Gløymer ikkje kor Ingeborg lo då eg las oppskrifta høgt for henne.No kan de få teste finsken dykkar.Eller skal vi ty til Babel Fish-programmet?

5 kommentarer:

Hildegard sa...

Ja slik kan det gå. Pannekaker kan lagast på mange vis. Strikkemor har fått amerikansk oppskrift. Eg fann ei oppskrift i siste Familien på "Fransk fristelse av moreller":
Moreller lagt i pannekakerøre steikt i form i bakaromnen. Ein kan sikkert bruke plommer eller anna frukt?
Eidabesta

Besta sa...

Amerikanske pannekaker finn ein mange oppskrifter på på Nettet. Der finn ein sikkert Ålandspannekaker også....Ja, kva finn ein ikkje der!

Besta sa...

PS: Den oppskrifta med pannekakerøre og frukt høyrdest heilt nydelig ut.

arieldog sa...

Eg har laga sånn "ovnspannekake" med blåbær - ikkje så originalt, men veldig godt. Ei venninne av meg plar bytte ut eple med plommer i eplekakeoppskrifter - det kan òg vere godt.

Besta sa...

Det er så altfor mykje som er godt!!!!!
Fann oppskrift på Ålandspannekake på Nettet. Minte litt om den rispuddingen som vi laga nokre gonger.Det mest originale var at ein skulle servere sviskekompott og vipa krem til.