mandag, august 18, 2008

Ein stor dag.




I dag var det skulestart for den eldste av "Kongs-berg-gutane".
Han skal gå på Wenners-borg skule som ikkje ligg altfor langt heimanfrå.
Klassen er ikkje urimelig stor, heller ikkje skulen.

Som lærar var det ikkje noko som var verre enn å ta imot ein klasse av forventningsfulle førsteklassingar.
Då kjende eg meg liten og utrygg,eg også. For korleis skulle eg klare å innfri forventningane som barn og foreldre hadde? Eg kjende ansvaret tyngje.
Det gjekk seg til etter kvart, men dei første vekene med første klasse var knalltøffe.
Eg ønsker alle elevar, små og store,og lærarane deira,lykke til med det nye skuleåret.

5 kommentarer:

solveig sa...

Vi ønsker lykke til! Det skal bli kjekt å følgje karriera hans!

solveig sa...

p.s. Der er ei god Albert Åberg bok om første dagen på skulen. Om lærarinna som var mest nervøs av alle..
Eg hadde det litt slik då eg tok i mot 4. (no 5.) klassingar to gongar. Dei er så glade i første læraren sin. Så dei første dagane veit du at mange ønskjer seg litt yngre. Men du veit det går seg til
No skal eg få nye 9. klassingar. Dei gler seg til Mat og helse.

Hildegard sa...

Trur nok at Rasmus og Wenche er stolte foreldre - og de stolte besteforeldre. Eidabesta

Besta sa...

Klart vi er stolte av Eivind- og av dei andre 9 barnebarna.Stolte og takknemlige for å ha fått så mange friske, velskapte etterkomarar. Ikkje noko som er sjølvsagt.

Anonym sa...

Han var så høflig og sjarmerende, og kunne boka som læreren leste på rams for den har han hjemme. Så vi var veldig stolte og letta over hvor flink og morsom han var.
W

DAGBOK 2024: 19. APRIL

  Dette bildet er eit par veker gammalt, eg har ikkje fått orden på bildebruken enno. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er+8 grader, det ...