fredag, august 01, 2008

Saudehornet rett opp.


Saudehornet er det høgste fjellet på nordsida av huset vårt. Vi kan ikkje sjå det frå kjøkkenvinduet,der ser vi det mykje lågare fjellet Vallahornet, som ligg framfor.

Denne fjellturen starta for 5-6 år sidan, og for kvart år kjem det nye og fleire deltakarar.Det er alltid lagt til første helga. Eg veit enno ikkje om nokon i familien stiller i år. Bildet er av Nils og Øystein første året denne turen/løpet vart arrangert. Veret var som no, fint og varmt. I morgon er det meldt overskya og regn.
Men endå så varmt det har vore i år, er det første gong det ligg att snø i fjellet sidan dei begynte med dette turløpet. Nokon som vil vere med? Ikkje eg i alle fall!

2 kommentarer:

solveig sa...

Eg har aldri vore på Saudehornet, og kjem nok aldri dit. Sjølv om ein aldri skal seie aldri. Vallahornet var bratt nok for meg.
Fjella på Hareik er mykje kjekkare. Dei er lågare, og når ein først har kome opp i fjellheimen, kan ein gå frå topp til topp.

arieldog sa...

Danmark er eit fint land.

DAGBOK 2024: 19. APRIL

  Dette bildet er eit par veker gammalt, eg har ikkje fått orden på bildebruken enno. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er+8 grader, det ...