lørdag, august 02, 2008

Tur til Eid.




I dag vart det endelig at vi tok oss ein tur til Eid. Vi heldt oss mest på Hildegard der vi prata og kosa oss. Begge døtrene var også på besøk.
Før vi reiste heim, tok vi oss ein biltur rundt omkring.
Mellom anna var vi opp og såg huset der eg budde frå 1953-58. Dette huset stod først i Ålfoten og så vart det flytta til Eid. Først var det lysegrønt på farge slik som sjukehuset, sidan vart fargen endra til lysegult, same fargen som sjukehuset har enno. Vindua er skifta etter at vi flytta.(Mamma budde der til 1974).
Litt rart å sjå "heim" att-det er både kjent og totalt framandt på same tid.

4 kommentarer:

solveig sa...

Det ser mykje mindre ut enn eg hugsa det. Eg hugsar godt romma og planløysinga. Sommaren 73 hadde eg vannkoppar på Eid!?

Hildegard sa...

Kjekt at de endeleg tok dykk ein tur, sjølv om veret kunne ha vore betre. Mange gode minner frå Ålfotehuset, der bestemor Amanda budde til ho vart pensjonist, 70 år gml i 1974, og flytta til Hildegard.
Eidabesta

Besta sa...

Huset ser ikkje så stort ut, men den tid trong ein visst ikkje så mykje plass som no? Her var stove, to soverom, kjøkken og kombinet bad/vaskerom i kvar leilegheit og det var fire leilegheiter i huset.I tillegg hadde vi loftsbod og kjellarbod.Der var også stort og luftig tørkeloft der vi kunne henge opp klede."Moderne" leilegheiter i 1953 då vi flytta inn!

Besta sa...

Kjekt å besøke Hildegard og akkurat passelig ver til besøk. Vel mykje regn då vi var på heimveg, så gravplassen vart ikkje besøkt denne gongen. Vi får ta att den biten.

Dagbok 2024: 23.april

  Eg har ein plass på maskina der eg kan finne "gamle" bilde. Dette er ei av rosene mine, Leonardo da Vinci, trur eg. Eg har lese ...