Klokka er no 17.50, temperaturen ute er +10 grader C, og det er lettskya og litt sol, før i dag har det vore regnbyger innimellom
I dag var det ikkje noko spesielt på timeplanen, så eg bestemte meg for å prøve å få gjort noko i hagen; det er ikkje alltid like enkelt for meg å gjere det eg vil sidan eg har ei høgrehand som ikkje spelar på lag. Men i dag var det regnet som gjorde at eg gjekk inn att to gonger utan å ha fått gjort noko. Og så melde saknet av bilen seg i tillegg.
Men etter å ha sete inne og sett nyheiter på TV nokre gonger, såg eg at veret hadde blitt betre, så då gjekk eg ut og fekk gjort litt av kvart, men no kan eg ikke gjere meir før eg får kjøpt meg fleire svarte sekker, for no må eg på VØR snart. Ja, alt står og fell med om bilen min blir i orden- eg saknar den veldig.
Men eg fekk i alle fall jobba litt i dag, berre det er gledeleg, og handa og armen klaga ikkje, dei tok det fint, men no kjenner er at handa ikkje likar tastaturet, det er merkeleg at der skal vere det verste.
Det kom litt snø sist natt også, men ikkje mykje så kanskje blir det ikkje meir snø no.
Eg var ute i postkassa og fann Møre-nytt, den kjem ut tysdag og fredag, men eg hugsar aldri å hente den på tysdag. Eg har litt problem med å passe på dagane.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar