Klokka er no 19.40, temperaturen ute er +11 grader C og det er lettskya og delvis sol, fint ver altså.
I dag hadde eg lagt opp til arbeid i hagen. Eg har store planar, veit ikkje kor mykje eg får til av det eg legg planar om, men det får tida vise. Eg har veldig mykje som skal gjerast i hagen, og eg må vel gjere det meste sjølv. I dag begynte eg så smått å lage noko som kanskje blir ein potetåker, den blei ikkje så stor som eg først hadde tenkt for det var mykje arbeid med å grave opp.
Og så er det den velsigna høgrehanda mi som ikkje er heilt god. Men litt fekk eg no gjort.Eg spelar litt på lag med Erlend som bur i kjellerleilegheita mi, det er kjekt å planlegge litt i lag.
Midt på dagen sat eg lenge og kvilte meg oppe hos Marit. Men etter ei stund fekk eg lyst å sjå ut att. Der fann eg mange nye jobbar, ta opp løvetannrøter t.d. Først klipte eg plenen på vestsida, men så ville ikkje grasklipparen meir.
Eg sette meg først ned for å tenke ut kvar eg skulle gjere-måtte eg kanskje kjøpe ny klippar, det vart dyrt! Men så kom Erlend heim og eg fekk klage mi nød -om klipparen som var øydelagd og ikkje ville meir. "Har du nok bensin på den? " spurde han. Bensin! ja, det hadde eg ikkje tenkt på. Men bensin har eg så det var berre å fylle på så gjekk klipparen som som eit skudd og eg fekk klipt heile plenen rundt huset. I morgon vil Erlend klippe skråninga. Som dokke forstår set eg veldig pris på å ha Erlend her. Han fiksar alt muleg som eg ikkje kan; TV, datamaskin; og alle slike ting.
Elles ser eg fram til å få bilen min tilbake, i god stand håper eg. Eg saknar den veldig, for eg har vent meg til å ha bilen klar om eg treng noko på butikken t.d. I kveld er eg lens for det meste, men eg overlever vel natta med det eg har att av mat.
Det er så fint ute no, sola skin på snøkvite fjell og grøne tre . Eg skal sjå om eg får til å ta eit bilde......

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar