tirsdag, desember 27, 2011

Vermelding 27.desember 2011



Klokka er no 13.00. Temperaturen er + 4 grader, og vinden ikkje så sterk som før, men mykje kaldare.
Vi har hatt oss ein tur for å sjå etter ev.øydeleggingar etter stormen. Mange tre har velta, særlig grantre, men også innrotne bjørker. Håper at dei som "eig" tre og skog får rydda opp i det versta, og saga ned det som er for stort eller for gammalt, eller for mykje.
Hamna på Rjåneset låg så stille og rolig som eit stovegolv, og båten vår hadde ikkje lide overlast.Det pjaska og bles utanfor moloen, men det har nok vore verre før, det såg vi på alle småsteinane som var komne opp på vegen.
Den verste øydelegginga denne gongen, her i Ørsta, er at den gamle kommunekaia nedanfor Ørsta bruk og Kaihuset er fullstendig smadra. Med tanke på utflytta ørstingar legg eg ut mange bilde av den. Det er lenge sidan denne kaia har vore i bruk, men heilt til for 40-50 år sidan(?) gjekk det rutarbåtar her, til Ålesund t.d. No var det i grunnen like godt den forsvann, for der var langt frå trygt å ferdast.
I Nautvika hos Margrete hadde dei verken lys eller vatn i dag heller, så i dag er dei i Volda hos Ingeborg og besteforeldra.Lars og bandet hans skal spele på "Rokken" i kveld. Billettane er selde for lengst.
Nils og eg har det lettvint i dag, rikelig med restar frå i går.




Utanfor Ørsta bruk står snøfresarane på rekke og rad. Vi var budde på ein kald og snørik vinter, slik vi har hatt dei to siste åra. Men sjå kva vi fekk!

2 kommentarer:

solveig sa...

I fjor var det minus 16 i Ørsta andre dag, ser eg. Bra båten stod fint. Trur skadane er svært avhengig av den lokale vinretninga.
Vi var glade for å vakne til straum. Morfars sei til middag og mormors bløtkake til dessert her.

Bjørg sa...

Ja, det var rart å sjå kommunekaia. Men som du seier, kanskje godt med litt sanering der.

Dagbok 2024: 23.april

  Eg har ein plass på maskina der eg kan finne "gamle" bilde. Dette er ei av rosene mine, Leonardo da Vinci, trur eg. Eg har lese ...