tirsdag, desember 27, 2011

Bok nr 71- 2011: Du skal elske lyset.

Tittelen på denne boka, passar bra i desse dagar.
Dette er den tredje boka eg les av denne forfattare. Før har eg lese "Gulldronning, perledronning" og "Mors bok". Eg likte ingen av desse bøkene særlig godt.
Denne boka tykte eg var mindre søtladen og sentimental enn dei første to, men slutten øydela mykje.
Boka handlar om den gamle dama, Alva, som frotel livshistoria si til eit lite barn. Den første tida i barndommen levde Alva eit lykkelig liv saman med mor, far og lillesøster.Særlig er Alva knytt til faren, som fortel all slags spennande og artige eventyr. Så dør faren, og mora flyttar med dei to små døtrene sine, heim til foreldra, som bur på ein gard. Bestefar til Alva, og dermed heile familien, høyrer til ei slags dissentermenigheit der det meste er synd, og Alva har ei vond tid. Det er mange måtar å mishandle barn på. Lyspunktet i tilværet er bestemora og ein som ho kallar "Vakkermannen". Boka har mange henvisningar til eventyr og dikt og til Bibelen. Dette blir ein slags motpolar i livet til Alva, som blir oppseda i "Herrens tukt og formaning". Dei valde sitata frå Bibelen gjer at den virkar både vond og dyster; på slutten av boka dreg ho fram meir positive element i  boka.
Alt i alt er eg ikkje overdrive begeistra for boka, men somme sekvensar er bra. Mot slutten gjekk det veldig fort, men det var vel særlig barndommen ho ville skildre?

3 kommentarer:

Hildegard sa...

Eg fekk denne boka til jul, ok med litt spesielle bøker. Har lese "Mors Bok" tidlegare. Har lånt lydboka "Det dyrebare" av Linn Ullmann på Bibl + "Nattmannen" av Jørn Lier Horst, så eg har bra med lesestoff framover...
Eidabesta

Besta sa...

Eg har ikkje lese "Det dyrebare", men fleire andre bøker av Linn Ullmann. Ho er faktisk ein mykje betre forfattar enn eg trudde på førehand."Nattmannen" har eg sikkert også lese, men alle desse krimbøkene går inn eine øyret og ut att det andre. Bokstavelig tala. Margrete hadde kjøpt dei to første bøkene i serien til Bjarte Sindre til meg til jul."Kiosk-litteratur" frå Vikingtida.

Elin sa...

Ja, dette tykkjer no eg er ei stor lesaroppleving. Einig i at det går litt fort med oppsummering på slutten, men greitt eigentleg. Skal vi vere einige i at Vakkermannen var den biologiske bestefaren? Eg tolka det i alle høve slik, kan vere at det var noko eg har oversett. Er det omgrepet intertekstualitet ein bruker der sitat frå andre kjelder kjem tydeleg fram? Ergrar meg alt eg har gløymt sidan eg tok norsk grunnfag, du veit, det ein ikkje praktiserer...

Dagbok 2024: 22.april

No er klokka blitt 16.35 utan at det har hendt så mykje. Det mest dramatiske som har skjedd er at eg har prøvd å slette alle bilda mine på P...