onsdag, desember 28, 2011

Vermeldig 28.desember - 2011

Klokka er no 18.00. Ute er det mørkt, overskya og + 5 grader. Heilt ordinært ver med andre ord, og heilt vindfritt, trur eg. Har ikkje vore ute for ei dør i dag.
Før middag gjorde eg litt husarbeid; la i hop ein klesvask, strauk, rydda m.m.
Margrete og ungane har vore i Volda sidan i går f.m. sidan dei var utan både lys og vatn i Nautvika. Dessutan skulle Margrete og Ingeborg på "Rokken" og høyre på Lars og 80-talsbandet hans "Broad line". Eirik var for ung, men fekk vere med faren og rigge.
Akkurat i dei tide eg hadde begynt å lure på kva vi skulle ha til middag i dag, sende Margrete ei melding og spurde om dei kunne komme på besøk, sidan det ikkje var særlig fristande å fare heim til vasslaust og straumlaust hus.Dei vart sjølvsagt invitert til middag. Av overskotslageret mitt fann eg fram medisterpølser og sousisser, surkål m.m. Til forrett vart det broccolisuppe, noko som fall særlig godt i smak hos dei to yngste.
Dei reiste herifrå for ei stund sidan, i den tru at dei hadde straum heime, men no fekk eg melding om at der framleis var straumlaust. På Bjørneset derimot er det straum, så no for dei dit. Ikkje særlig kjekt å vere klimaflyktning mykje av juleferien.
Ein fordel i bu i meir tettbygde strok -  på meir enn ein måte.
I morgon trur eg at eg må på butikk, elles kan eg få abstinens.

1 kommentar:

solveig sa...

Eg hadde eit ærend i sentrum i dag. Der var få folk å sjå, men lenge ope i matbutikkane. Så eg får kjøpe mjølk i morgon. Ungane er i hallen, så dei får seg brødskiver når dei er innom. Pønskar på ein "restepizza/julepizza" av det eg fann i kjøleskåpet til kveldsmat/nattmat.

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...