fredag, desember 30, 2011

Vermelding 30.desember 2011

Klokka er15.10, veret er lettskya og fint. Temperaturen er minus 2 grader, så vi kan ikkje klage på noko.
Nils var relativt tidlig oppe i dag, for å styre med fisk etc. Og eg ville til Vik. Ikkje for å handle mat, men for å komme ut dørene og treffe litt folk. Det var ingen ting vi hadde behov for å handle, men på Amfi trefte vi mykje kjentfolk som vi prata med både vel og lenge.Vi trefte eit par som vi gjerne ville prate meir med, og avtalte møte på nye Føniks. Der var stappfullt, men vi fekk oss bord i lag med nokre andre som vi også kjende. Den nye kaffibaren var fin og koselig, men med ein akkustikk som var heilt forferdelig. Det var ikkje berre eg og tinnitusen  som reagerte på den. Der må dei nok til med eit eller anna støydempande.Utrulig mykje folk ute i dag, det har vel med det å gjere at mange er fri og har lyst ut og treffe folk.
Vi er invitert til naboane til kaffi i 18-tida, så dette blir ein særdeles sosial dag.
Skulle sikkert ha pussa stuevindua, dei ser ikkje ut. Men no er det litt for kaldt.
Då vi for nedover var trafikken omdirigert, der hadde vore kollisjon i Rå-krysset. Trur annankvar ørsting har vore ute for noko akkurat der, så det er heilt utrulig at ikkje noko blir gjort. Veit ikkje kor alvorlig det var, men såg i alle fall ambulansen.Der hadde visst vore helikopter også. Eg får sjekke Sumpen.

1 kommentar:

Bjørg sa...

Her har vi ei til to minusgrader og grøne marker. Vi har vel hatt ei lita snøbye for eit par veker sidan, men den forsvant fort.
Hans held akkurat på å lage ein DVD om turen vi hadde i lag til Tyskland. Det er kjekt minne!

Dagbok 2024: 24.april

                           Eg gjekk ein runde på Vernet før eg for på møte. Klokka er no 18.04, temperaturen ute er + 7 grader, sola skin no...