lørdag, desember 31, 2011

Vermelding 30.desember 2011

Klokka er 13.30, temperaturen ute er 0 grader C, og det er overskya opphaldsver. Sidan det er kvitt på markene, har ein kjensle av at det faktisk er vinter og nyttår.
Når ein  begynner å dra på åra, synest ein i grunnen at julene kjem for ofte, like eins nyttår og fødselsdagar. Ein får lyst å sette bremse på tida, så den ikkje skal gå så altfor fort. I barndommen og ungdommen var det heilt motsett, då var det ei æve frå helg til helg.
Dette har vore eit år utan dei HEILT store hendingar på det private plan, og det er i grunnen heilt greitt. Dersom ein ser på alt som har skjedd i landet, for ikkje snakke om verda, så er situasjonen ein annan. Vi er heldige som bur i eit fredelig hjørne av kloden, i alle fall så langt. Dei største krisene her i Ørsta på førejulsvinteren, var SMØR-krisa og STORMEN, den sistnemnde noko alvorligare enn den første.
Nils og eg skal feire nyttårsaftan for oss sjølve, og det har vi ingen ting imot.Vi er så sosiale som vi vil vere, og har ingen ting imot å kose oss med god mat og TV på nyårskvelden.
I år, som alle år, har eg fått ny dagbok som eg skriv i kvar kveld. Rasmus har tatt på seg ansvaret for å kjøpe den til meg. Der skriv eg om viktige og mindre viktige hendingar, og desse bøkene har hjelpt oss meir enn ein gong når vi ikkje hugsar verken tid eller stad når det gjeld diverse reiser, innkjøp etc. Hukommelsen er ikkje å lite på lenger. I tillegg kjem eg vel til å halde fram med blogginga, så då har eg back-up på det meste.
Eg har også hatt for vane og kåre årets bok. I år har eg ikkje tenkt så mykje på det, men trur kanskje at Gaute Heivoll si bok "Før jeg brenner ned" er den boka som har gjort sterkast inntrykk.
Så står det berre att og ønske alle ein fin nyttårskveld og alt godt i det nye året.

GODT  NYTT ÅR 2012!

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...