tirsdag, april 14, 2015

Dagbok 2015: 14.april

Klokka er 18.30, temperaturen ute er + 7 grader; det er overskya og regn. No er det litt lettare enn det var på føremiddagen.
I dag laga eg to gulrotkaker før middag. Lagar som regel to om gongen, det går liksom for det samme. Då eg var ferdig å rydde opp kjøkkenet, var det på tide å shine seg opp sjølv.
Vi kom til kyrkja i god tid før klokka 13.00, men der var allereie stappfullt, så vi gjekk opp på galleriet. Der var det også mykje folk, men vi fekk plass rett framfor orgelpipene.På venstre sida hadde vi Ørsta kyrkjekor, så i dag var det ikkje mange som høyrde at eg song. Og takk for det.Vi såg relativt bra, og eg trur neppe eg nokon gong har sett så mange kransar og blomster i ei gravferd.
Det var pensjonert vikarprest Matias som forretta, og Marie, dottera hans som var organist.
Leif Langdal var i mange, mange år organist i Ørsta kyrkje, og kona hans har vore klokkar. Leif har sunge i fem ulike kor, og har hatt mange solistoppgåver. Hans lyse tenorstemme var etterspurd-ikkje ofte ein høyrer ei slik stemme som den han hadde. I tillegg til musikken har han også vore lærar, først på Ørsta ungdomsskule, så på vaksenopplæringa. Dette er dei jobbane han har hatt sidan han kom til Ørsta.
Familien Langdal bur i same gata som vi, men lenger ute. Det var som naboar vi møtte opp. Vi hadde tenkt å gå heim etter at det var slutt i kyrkja, men sidan han fekk grava si på den gamle kyrkjegarden, vart vi med dit. Akkurat med det same vi kom ut, kom ei voldsom regnbyge, så det var så vidt vi høyrde presten. Det var nok litt underleg for Matias å gravlegge ein mann han har jobba i lag med i så mange år.
Alle vart invitert til minnestund på bedehuset, men der var veldig mykje folk som var "nærmare" enn vi, så vi reiste heim.
Eg var dessutan heilt ferdig i ryggen og sitteknuten, veit ikkje om det er fordi det er giktvêr eller fordi eg var så syndig at eg strikka eit halvt lestebrot i går. Strikking er noko av det eg må unngå.
Vi fann oss litt spekemat til middag. Så ordna eg med litt klesvask og tømde oppvaskmaskina etc. før eg fann sofaen.
Det vert ikkje så mykje med meg kvar dag, men no skal eg i alle fall ta å stryke litt klede. Klesvasken eg hengde ut i går ser ikkje ut til å tørke med det første.
I morgon skal Nils til Volda og ta ei sprøyte. Eg blir kanskje med for ev. å shoppe litt.Men vi må vere heime att til klokka 13.00, då er det møte på biblioteket.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...