tirsdag, november 15, 2011

Vermelding 15.november - 2011

Klokka er no 15.00, og vi er nyss komne heim frå Hareid. Då vi stod opp i dag, var det nok ein nydelig dag, med klår himmel og sol i vente.No er sola bak fjellet og det er berre +1 grad ute, så no må vi nok til å berge det som bergast skal av blomster etc.
Vi skulle vere på Hareid ungdomsskule klokka 11.30, så det var ikkje så mykje vi rakk før vi reiste. Veret var like fint heile vegen, men skodda låg over både Hovdevatnet og vatna på Hareid. Stor skilnad på å bu på solsida eller ikkje slike dagar. Ungdomsskulen på Hareid låg ikkje i sola, men det gjorde ingen ting sidan vi skulle vere inne. Der var underhaldning frå scena, servering av lefser frå Solveig sitt prosjekt og fint påsmurde rundstykke. Sidan det var 9.klasse som inviterte, og Solveig hadde undervisning i 10., fekk ikkje ho vere i lag med oss. Vi sat i lag med eit anna besteforeldrepar, pluss to gutar, og Olaug sjølvsagt. Veninna til Olaug, som også skulle ha vore i lag med oss, var sjuk og låg heime. Det var sikkert litt trasig for Olaug som berre hadde meg å prate med. Der var også loddsal og bordkonkurranse. I bordkonkurransen vart vi nr.2 -sant å seie var det Olaug og eg som gjorde meste jobben med den. Takk til Olaug og dei andre 9.-klassingan for ei fin stund.
Då det var slutt på besteforeldrefesten, var vi ned på butikken der Solveig hadde kjøpt presangen til Nils, og bytta den (fordi den var for liten). I staden for genser valde han ei jakke med knappar, som han kan pynte seg med når han går på møte i pensjonistlaget t.d. Han likar ikkje å gå i dressjakker. Der var mykje fint på den butikken, men ganske stive prisar. Har vel med merka å gjere, kan eg tenkje meg. Staurset her i Ørsta held seg stort sett til eit rimeligare sortiment. Men så lenge som Nils har kleda sine, trur eg ikkje det gjer så stort utslag om han måtte legge til nokre kroner.

På heimvegen køyrde vi ned på den gamle ferjekaia på Eiksundsida og tok bilde inn mot Rjåneshamna og av Eiksundbrua. Det er flott å få ein slik novembermånad på tampen av eit så lite solfylt år.Skulle gjerne hatt slikt ver om sommaren også-med høgare temperatur.
No skal vi snart varme opp restar og ete middag.

1 kommentar:

solveig sa...

Fint han fann seg noko han likte!

Dagbok 2024: torsdag18.april

   Det er nokre år sidan dette bildet vart tatt på Hareid, med alle barnebarna i samme sofa Klokka er no16.56, temperaturen ute er + 10 grad...