søndag, november 06, 2011

Vermelding 6.november - 2011

Klokka har passert 15.30, fotballkampen er over, og himmelen tilnærma skyfri. Endelig. Men sola ligg farlig lågt på himmelen alt, så det er tvilsomt om det blir nokon tur på oss. Temperaturen er ikkje så høg som før, men + 9 grader er ikkje gale.
Nils har sjølvsagt sett fotball; eg laga middag i 1.omgang, og i siste omgangen sat eg framfor dataen og skreiv mailar etc. Men eg høyrde kampen om ikkje anna. Kjekt at sunnmørslaget vann, men særlig engasjert er eg ikkje.
Ser at sola er på veg attom fjellet alt, så det vart ikkje mange strålane på oss i dag. Men alt er betre enn snø,regn, slaps eller kulde. Kvar fineversdag no, gjer vinteren ein dag kortare. 
I morgon er det styremøte i pensjonistlaget. Det er ei stund sidan sist, sidan oktobermøtet var tidlig i mnd. og novembermøtet midt i mnd. som vanlig.

2 kommentarer:

solveig sa...

Sikkert kjekt å vere Sunnmøring i hovudstaden. Eg har ikkje sjekka om journalisten har vore på nett.

Bjørg sa...

Ja, gratulerer med sigeren der oppe!Vi har fått med oss resultatet og dei viktigaste bileta på TV.

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...