lørdag, november 05, 2011

Vermelding 5.november - 2011

Klokka er snart 14.00- det er den vanlige middagstida vår. I dag skal vi ha Taco- berre slik at de ikkje trur vi et fisk kvar dag. Ute er det overskya, litt regn av og til, men +13 grader C.
Nils har halde til i garasjen i dag og kløyvd ved. Det kan nok hende eg kjem til å hjelpe med å få den i sekker seinare i dag.
Eg har brukt føremiddagen blant anna til å steike to identiske kakebotnar. Den første sette eg i kald omn slik eg plar, og den vart høg og fin, som vanlig. Eg hadde ikkje tid å vente til omnen vart kald igjen, og sette kake nummer to i halvvarm omn. Den vart ikkje stort meir enn halva så høg ! Men sikkert fullt brukande. Eg plar altså  sette sukkerbrødbotnar i KALD omn og temperaturen på ca 160 grader. Kaka står då i omnen i 50-60 minutt. Det vert aldri mislykka.
Har mykje på programmet dei to komande vekene, så no fyller eg kalenderen. Aldri ein kjedelig dag!

2 kommentarer:

solveig sa...

Eg hugsar at du brukte å sette sukkerbrød i kald omn. Sjølv har eg ikkje fått det til. Kanskje på tide å prøve att?

arieldog sa...

Du kunne ha skifta overskrift til "vedmelding" :)

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...