Klokka har passert halv to, og akkurat no var det såpass lyst ute at eg fekk ta eit bilde. Det har vore veldig mørkt hittil i dag. Det skodde, litt regn og + 3 grader C. Ikkje særlig trivelig ver, men betre enn sprengkulde, i alle fall inne.
Nils hadde ei lita opprydding i frysaren "sin" i går, så i dag vart det koking av saft, syltetøy og risengrynsgraut. Alt i små mengder. I tillegg laga eg ei kake -men det står att å ha "fyll" oppå. Mangla smør. Blei ein del rot og oppvask, men så er no dette gjort til jul. Vi tok likegodt og åt middag i same farten, dvs graut og spekemat. Går an å leve litt enkelt innimellom.Det kan hende vi må på jakt etter smør e.m., for på nærbutikken var det tomt. Det gikk for lang tid før eg oppdaga smørproblemet, det er så sjelden vi kjøper slikt.
Nils var på Aasentunet og høyrde på Bård Vegar Solhjell i går kveld, og kjøpte boka hans. Han skulle lese i den no, men eg trur han somna.
Eg held på med ei lang bok om Palme-mordet. "Faller fritt som i en drøm" heiter den. God bok, men den krev konsentrasjon, og det er ikkje alltid min er like god. Ingen page-turner, for å seie det slik. Er komen til CD 8 av 15. Men eg skal lese den ferdig. Har lagt den inn på datamaskina og sit framfor den og høyrer mens eg strikkar på dei evinnelige lestane. Har helde på så lenge med det prosjektet at eg greier knapt å slutte.
Elles skal eg ikkje gjere så mykje før jul. Skal kjøpe nokre gåver, men det irriterer meg litt at mykje av det ein kjøper no, kjem på sal rett FØR jul.
Den 30.nov. i fjor var det minus 12-14 grader C og snø. Eg berre nemner det.
3 kommentarer:
Eg har berre kjøpt ei julegåve, og det er nettopp fordi dei som kjøper først, får betale mest! Ting taper seg på ein måte raskt når dei kjem så fort på sal ...
Og dei som driv butikk øydelegg for seg sjølve. Viss ein har kjøpt ein fint klesplagg t.d. til full pris, så taper det seg fort når andre får det samme til halv pris.Derfor er det mange som ventar med å handle.
Ja, utruleg med veret i år, tenk at det var snø og kuldegrader på denne tida i fjor. I dag avslutta vi haust-vinna i hagen. Besten har full hengar med kompost av greiner, smågreiner og lauv, så i morgon blir det tur i Leivdalen. OK med mildver og regn, men litt uhyggjeleg med all vinden for dei som må reise med fly og båt.
Eidabesta
Legg inn en kommentar