lørdag, november 19, 2011

Vermelding 19.november - 2011

Klokka er snart 15.00. Temperaturen er + 9 grader, og veret er så grått og trist at det  ikkje kan bli stort verre. Likevel er eg glad vi slepp snøen enno. Det som er verst for meg er at i dette veret VERKER eg såpass at eg misser mykje av nattesøvnen.Rått og vått ver er det verste for mange som har ei eller anna form for reumatisme.
I dag var eg bestemt på at eg ikkje skulle gi meg over, men komme meg ut uansett. Og det gjorde eg. Første stopp var biblioteket, derifrå var ikkje vegen lang inn på flatsalen der Reumatikarlaget hadde stor basar. Kjøpte nokre tombolalodd, utan å vinne. Vi skulle rekke 12-koserten i Voldakyrkja så vi var der ikkje lenge. I Volda trefte vi Margrete med fam.+ Ruth og Harald. Konserten var ikkje så lang i dag, og alle som var med var flinke.
I dag spela Amanda og Eirik i lag, eller rettare sagt var dei solistar kvar sine gongar, Amanda på kornett og Eirik på gitar. Gitarlæraren til Eirik var med og kompa. Dei spela to nummer: Bånsull frå Vefsn og Eg veit i himmerik ei borg. Det var ikkje berre vi som tykte det var fint, det var mange som kom med rosande ord etterpå. Sjølve instrumentsamansettinga var litt original, men det funka perfekt. Ei av musikklærarane sa:" Ditta må vi gjere oftare."
Harald måtte gå litt før tida, for han skulle til Ørsta og spele på basaren, og det vart til at vi gikk innom der ein gong til. Der var veldig mykje folk, og ei utulig mengde gevinstar. Vi kjøpte oss kaffi og kaker, og trefte mange vi kjenner. På heimvegen fann vi ut at vi trengde litt av kvart, så vi var innom Kiwi og handla. Slik vart ein elles grå dag litt mindre grå!
Til middag i dag skal vi ha påstråla torsk, som Nils kallar det. Det tyder at fisken er salta natta over.
Referatet mitt kom ikkje i avisa i dag, men så kjem det vel tysdag i staden. Får skulde på Telenor som forkludra internettilgangen vår, slik at referatet kom redaksjonen i hende litt for seint. Kanskje?
NB: De kan sjå og høyre Eirik og Amanda på Ariel sin blogg. Men musikken var mykje finare "live".

3 kommentarer:

arieldog sa...

Det er uansett vanskeleg å få like god lyd på eit opptak som "live" i Volda kyrkje. Amanda skal truleg spele på julekonsert i Ørsta kyrkje 18. desember. I mellomtida blir det mykje ballett...

Besta sa...

Ja, vi stiller med glede opp uansett når ungane er så flinke og kekke. Det slår meg når eg er på slike arrangement at barna oppfører seg eksemplarisk. Eg har diverse erfaringar å samanlikne med.

Besta sa...
Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.

Dagbok 2024: 24.april

                           Eg gjekk ein runde på Vernet før eg for på møte. Klokka er no 18.04, temperaturen ute er + 7 grader, sola skin no...