mandag, november 21, 2011

Vermelding 28.november - 2011

Klokka er er 14.00, og veret har berre blitt finare og finare utover dagen. No rekk ikkje sola ned til oss, men det kan hende vi hadde sett den tidlig på dag om ho hadde vore framme då. Temperaturen er +10 grader, ikkje gale det heller i siste delen av november. Dessverre skal visst ikkje dette veret vare.
I dag har eg lært ein ting. Det er at viss ein står tidlig opp, kan ein få gjort mykje på føremiddagen. I dag for eksempel har eg laga fiskekaker av 1,5 kg lyr, sildekaker av 1,5 kg sild, vaska golva, sett på brødbakemaskin og oppvaskmaskin, strikka litt etc.Dessutan blitt intervjua av Møre-Nytt.
Vi har no ete middag, og er ferdig med den-og klokka er berre to. Oi! Der kom sola rett inn i ansiktet mitt.Ho er akkurat nede i Os-skaret.
Sildekaker har eg ikkje ete sidan eg var ganske ung, men hugsa at eg likte det.Fann ikkje noka oppskrift som eg var 100% fornøgd med, så eg komponerte mi eiga. Nils tykte kakene var gode. Eg kunne styre begeistringa mi.
Skal eg bgynne å stå tidlig opp og vere litt meir effektiv? Nei, trur ikkje det, nei! For no er eg rett og slett trøtt og trur eg kjem til å somne om eg les lydbok.

2 kommentarer:

solveig sa...

Det er vel det same kor tid ein gjer eit arbeid! Eg skal ikkje stå opp i gryotta når eg vert pensjonist!

Besta sa...

"Gryotta" var det no ikkje akkurat, men det er relativt LYST om morgonane, og veldig tidlig mørkt om kvelden. Energien er høgare når det er lyst

Dagbok 2024: 24.april

                           Eg gjekk ein runde på Vernet før eg for på møte. Klokka er no 18.04, temperaturen ute er + 7 grader, sola skin no...