onsdag, november 09, 2011

Vermelding 9.november - 2011

Klokka har nettopp passert 14.00, og eg er glad for at eg også i dag kan legge ut eit fineversbilde på bloggen.Temperaturen på baksida av huset er + 10 grader. Eg skulle sjølvsagt ha vore ute i sola no i staden for å sitte her - og kanskje eg tek meg ein tur.
I går kom eg meg ikkje ut før månen var høgt på himmelen.
I dag var vi relativt tidlig oppe, for Nils ville ut og fiske. Han kom heim med mykje småsei, og nokre større. Heldigvis er det nokre av naboane som er så gammaldagse at dei likar "levende pale", som dei seier i Bergen. Men sidan vi ikkje kastar mat, kjem eg vel til å lage noko av det vi løyver når vi har ete oss ulystne i dag. Sidan eg hadde ferskt brød i brødmaskina då vi skulle ha matpause, vart det til at vi tok ei brødskive, og utsette middagen til seinare.
Mens Nils var ute og fiska, gjorde eg tusen ting heime; jobbar av den typen som ikkje viser att anna enn når dei ikkje blir gjort. Og så strikka eg litt. Det går framleis i lestar, trur ikkje eg greier å slutte - ikkje så lenge eg har garn att. Eg har imidlertid ein lei tendens til å fylle opp lageret, så garnposen vert som ei Sarepta krukke.
Lat oss nyte kvar ein solstråle no, før novembermørket kjem!

1 kommentar:

Bjørg sa...

Så fint ver i Ørsta! Ja, vi har hatt sol og fint her i Larvik og i dag. Eg har vore på Spenst, for å prøve. Det var full sal med "godt vaksne" folk, som det heiter i trimprogrammet om føremiddagen. Mest damer, sjølvsagt, men og nokre karar. Hans vil ikkje vere med. Får sjå om eg skal fortsette. Her er mange apparat og. Eg skal få rettleiing i morgon.
Etter trimmen var det sosialt med vafler og kaffi. Endå til utlodning, (av ei flaske vin).

Dagbok 2024: 22.april

No er klokka blitt 16.35 utan at det har hendt så mykje. Det mest dramatiske som har skjedd er at eg har prøvd å slette alle bilda mine på P...