fredag, november 25, 2011
Vermelding 25. november 2011
Klokka er15.00. Temperaturen ute er ca +5 grader C. Veret er: Vind, regn, hagl, lyn og torden. Kan ikkje bli stort betre. Stygt å seie det, men eg likar det. Men så har eg ingen av mine på sjøen, og treng eigentlig ikkje å gå ut sjølv.
Men vi har no vore ein liten tur ut på Rjåneset og sett til båten. Vi køyrde heilt ut på moloen og tok bilde inn mot hamna, der låg båten lunt og godt til tross for at sjøen gikk kvit.
Etterpå var vi ei lite runde på butikkar. Var innom Amfi sidan eg skulle hente noko medisin. Men det var klokka 17.00 vi skulle ha vore der, for då kjem "Danse-Atle" for å halde konsert.
No skal vi ete middag. Eg koka ferdig ball (klubb) før vi reiste, så no blir det vel horisontalen resten av dagen.(Kokar ikkje ball kvart år, for å seie det slik) Støvsuginga er også unnagjort til helga.
Fekk hjelp med Rasmus i går kveld, så no fungerer begge maskinene igjen. I mi store lykke over at laptoppen var i drift igjen, sette eg meg til å endre bloggbakgrunn etc., med det resultat at der er kome ei setning øvst til høgre, som absolutt ikkje har noko der å gjere. Og ikkje får eg fjerna den heller. Nokon som veit råd?
Så må eg ikkje gløyme å gratulere Harald med 71 årsdagen i dag. Gratulerer hjerteligst!
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026: 17.september 2026
Denne blomsten har eg kjøpt sjølv for å ha i den fine skåla som eg fekk på bursdagen min- Det blir nok enda finare når blomstrane sprett me...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...
-
Klokka er no snart 18.00, temperaturen 10-11 grader C, og det er framleis sol sjølv om det blir meir skyer etter kvart.Sidan eg har tatt b...
2 kommentarer:
Eg veit ikkje! Men det var ein passeleg meiningslaus tekst.
Olaug har vore ute og reist i dag - til Sykkylven. Det var skulecup i friidrett. Ho gjekk vidare og skal til Molde i mai. Øvelsen er 40 m.
Den som har skrive"Ikkje vanskelig å fjerne" kan vel fjerne det også?
Eg får det ikkje til fordi eg ikkje veit kva eg skal gjere.
Legg inn en kommentar