torsdag, november 24, 2011

Vermeldig 24.nov.-2011


Klokka er snart halv tre. Det er overskya, men opplett akkurat no. Temperaturen er i underkant av +5 grader, og det har kome snø på fjelltoppane.
I dag hadde vi eit ærend til Volda, og sidan vi ikkje skulle shoppe, tok vi oss ein biltur opp i byggefeltet litt utanfor sentrum-i retning Ørsta. Der er det både høgt og bratt, men ei fantastisk utsikt. Vi var ikkje heilt opp, men kom til "vegs ende" meir enn ein gong.Det var tydelig at det hadde vore gardar der for ei tid tilbake, for der stod att mange løer med nydelige gamle murar. Trur ikkje dette bustadområdet høver for folk med høgdeskrekk, men der var mange skikkelig flotte hus der oppe.
På heimvegen berre MÅTTE vi inn på den nye Coopbutikken i Furene. Det er den gamle brusfabrikken som er ombygd. Den første vi møtte var Harald, seinare oppdaga vi Ingeborg også. Elles kunne butikken minne om "svenskehandel"- stort og uoverkomelig. Tok oss ei runde, men kjøpte ikkje mykje. Ei ny steikepanne til induksjonsplata vart det rettnok, men det hadde eg planlagt uansett.
I går kveld fekk vi installert det mye modemet/ruteren, og no virkar den stasjonære maskina. Laptoppen har eg ikkje fått til å legge til enno. Derfor får eg ikkje lagt ut bilde av bursdagsbarnet.
Erlend fyller nemlig 8 år i dag, akkurat 1 mnd.før julafta. Eg hugsar enno at han var ei veke gammal då han var på julegrantenning for første gong.Gratulerer med dagen Erlend! Ingeborg fortalde at de skal på kino i dag og sjå"Jul i Blåfjell". Håper du får enda ei koselig feiring, men utan blåveis denne gongen!

2 kommentarer:

STRIKKEMOR(O) sa...

Hei! Her kjem endeleg svar det du spurde om for ei vekes tid sidan. Eg har vore sløv både når det gjeld å lage innlegg og å kommentere hos andre i det siste. Eg veit ikkje om kameraet som eg har kjøpt er godt nok til ditt formål, men kanskje du kan ringe til han fotografen og høyre. Han heiter Reidar Helgheim.
Eg har tlf. nr. viss det blir aktuelt. Eg er usikker og spent på om eg får like fine bilde på nært hald med det nye apparatet.
Synest førebels det er best på litt avstand. Boka av bloggen kosta ca. 300 kr. med porto. Satsar på å kjøpe bok av dei andre åra også. Kjekt å ha som minne. Men viss ein lagar innlegg kvar dag blir det vel dyrt å lage bok.

Besta sa...

Takk for svaret ditt. Det dei seier dei som har greie på fotoapparat er at dei nye speilreflekskamera har så dårlig linse at dersom ein skal kjøpe DET må ein investere i ei separat linse(nettet) til 4000 kr.,Og då blir det dyrt. I dag trykte dei faktisk eit bilde som eg tok med mitt vanlige apparat i avisa, og det gjekk bra.Vi har snakka om at vi skal investere i eit skikkelig fotoapparat i pensjonistlaget-men vi får sjå.Eg kunne tenkt meg å lære å fotografere, men trur ikkje rekk over så mykje meir enn det eg allereide styrer med.
Det ville nok koste ein formue om eg skulle fått laga bok av bloggen min. Men den ligg på nettet. Til evig tid?

Dagbok 2024: torsdag18.april

   Det er nokre år sidan dette bildet vart tatt på Hareid, med alle barnebarna i samme sofa Klokka er no16.56, temperaturen ute er + 10 grad...