mandag, november 14, 2011

Vermelding 14.november - 2011

Klokka er no 9.00. Dette bildet er tatt for vel ein time sidan, mot aust. Eg hugsar aldri det med "Morgen rød....." er det "aften bløt"?  Eller omvendt? Ja, veret er ikkje strålande, men det er i alle fall verken frost eller kulde, noko som vi alle er glade for. Ikkje minst arbeidarane som legg ned fiberkabel oppe i vegen. Temperaturen er + 6 grader, og det regnar litt av og til.
Eg la ikkje ut bilde frå feiringa i går, på bloggen, rett og slett fordi eg ikkje fotograferte. Det var det Solveig og Margrete som gjorde. Det kan hende somme lurte på kvifor vi hadde så rare serviettar. Men då vi såg desse stein-serviettane på Europris ein dag, fann vi ut at vi kunne lage ein liten konkurranse ut av det. Med premie til den som løyste gåta. Det vart Erlend som vann(med litt hjelp?) Nils heiter Nils STEINAR. Premien var ein pakke smellbonbongar.
I dag skal vi feire sjølvaste DAGEN når Margrete og ungane kjem på mandags-ballett-besøk.Det blir litt restar frå i går blant anna.

2 kommentarer:

Hildegard sa...

Gratulerer Nils med dagen og fortsatt fin feiring!

Besta sa...

Takk for det. No har vi vore på shopping og handla både til han og meg. Seinare ventar vi Margrete og ungane.
I morgon skal vi til Hareid Ungdomsskule på besteforeldrefest.

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...