onsdag, mars 20, 2024

Dagbok 2024: 20.mars

 

Klokka er no 16.57, temperaturen ute er + 6 grader, det er skya og det har regna, akkurat no er det opplett.
Etter ei litt uroleg natt stod eg opp i 7-tida i dag og hadde  god tid til eg skulle vere på spansk-kurset klokka 11. Eg nytta tida til hårvask etc. og så var eg på FB og studerte litt spansk der også. Det var kjekt på spansken i dag, siste dagen før sommaren. Så vi har lang sommarferie. 
Då eg kom heim tok eg ein tur på Vernet og då eg kom heim laga eg meg ein solid middag, så eg vart kanskje litt for mett. Når ein er mett og i tillegg trøtt, så er det berre ein ting å gjere; slappe av. Eg sette på TV-en og halvsov ei stund. Eg hadde i grunnen tenkt å lage ei gulrotkake til i dag, for det blir mange munnar å mette i påska, trur eg. Og gulrotkake kan ein lage lang tid på førehand -om ein vil. Eg får sjå om eg kviknar til igjen etter kvart,
Eg tenkte at eg skulle få gjort litt hagearbeid, for i dag var endeleg siste resten av is på plenen smelta. Naboane på begge sider er godt i gang med "våronna" .Eg er spent på om dette er VÅREN eller om det kjem ein vinter i april slik som i fjor. I morgon er det siste treninga før påske og så skal det vere pensjonistmøte på fredag. Eg synest at det er kjekt å vere med både her og der, for så treffer eg folk eg kjenner. Eg kan ikkje berre gå her heime og subbe åleine-
Viss eg finn ei høveleg form, skal eg sette  gang å bake.


Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 9.mai : Kristi himmelfartsdag

  Klokka er no16.47 , temperaturen ute er +10 grader, det har regna og  blése i heile dag; det var ikkje slik eg hadde tenkt at den ekstra f...