torsdag, mars 21, 2024

Dagbok 2024: 21.mars

Klokka er no 17.30 og eg kom nettopp att frå ein liten luftetur, temperaturen ute er no + 6 grader C, men det er iskald vind. Vind er sjeldan vi har her,og i grunnen likar eg vind når den ikkje er altfor kald.
I dag var vi på trening, men vi køyrde rett heim att i dag, utan å handle. Då eg kom heim att var det diverse eg kunne ha tenkt meg å kjøpe, men eg utsette det til i morgon. Varmepumpa står på heile døgnet, men i dag var det litt huskaldt, så eg gjekk ned i tilbygget og saga meg opp litt ved -og kveikte i omnen. Eg laga pølse og potetstappe til middag i dag. Eg har tenkt ut mange rettar som er snart å lage. Grønsaker har eg kvar dag, eg kjøper frosne blandingar-og då går i alle fall ingen ting til spille.
Etter at eg hadde ete  sat eg  stolen og slappa av. Eg vart så trøtt, og det er ikkje rart at er ER trøtt for eg søv lite og nokså uroleg til tross for sovetablettar som eg har brukt i mange år. Eg sat og lurte på kva meir eg skulle gjere i dag. I går fekk vi sommarferie frå spansken, og i dag vart det påskeferie frå treniga, så eg var eigentleg i feriemodus. Eg drakk kaffi og surra rundt, heilt til eg tok meg sjølv i nakken og sa:NO SKAL DU GÅ UT! Og så gjorde eg det, det var friskt og godt på Vernet i dag og turen gjorde godt.



Som de ser på bilda er det heit bert her i dag, den siste snø/is flekken forsvann i går. Krokusane blomstrar nedanfor huset , rabarbraen er i fin vekst og eg synest graset er litt grønt. Men for all del -det kan komme meir snø enno. I fjor snødde det både i april og mai.
Som sagt har eg ferie no, men i morgon skal eg på møte i pensjonistlaget. Der har eg ikkje ansvar for nokon ting, slik som eg hadde dei 11 åra eg var i styret. Så no kan eg berre slappe av og kose meg.
Så kjem vel barnebarna heim til helga og så blir det ein samankomst ein eller annan dag. Kjekt å sjå ungdommane av og til, så eg ser fram til det.

 

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 8.mai

Det var fart på elva i dag igjen,det er snø som smeltar  Klokka er no 16.50, temperaturen på trappa er +16 grader C, sola er litt av og på i...