fredag, mars 22, 2024

Dagbok 2024: 22.mars


Klokka er no 18.15,temperaturen ute er +4 grader og det har vore kraftige regnbyer innimellom.
Dagen i dag har eg brukt til fredagsvask, tur på butikken, og no til sist PENSJONISTMØTE
Det var eit kjekt møte, og Marit og eg fann oss eit bord med  andre vi kjende. Rett framfor oss var "STYREBORDET" der eg sat i 11 år. No såg vi rett frampå på dei som er i styret, og det er dei same som eg er i lag med på SPANSKEN. Berre kjekke folk altså.
Kanskje nokon kjenner att namnet Kjetil Tandberg? Eg meiner at eg høyrde om ein synsk mann med det namnet ein gong i tida. I dag var der ein mann som fortalde om den synske bestefaren sin, og dottera hans som også var synsk. Det var interessant.
Men toppen på kransekaka var ein 13 år gammal ELVIS som kom og song, han var så flink. Og som Eli sa, det VI som er "Elvisgenerasjonen",det var vi som var unge då Elvis var det. Guten heiter Fredrik Skaar Vinjevoll.
Det vart ein kjekk dag, og så er det fredagskveld, med kjekke program på TV, trur eg. Ønsker alle ei god helg og så ser vi fram til ei fin påskeveke etter helga-
God ferie til dei som har det!







 

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 8.mai

Det var fart på elva i dag igjen,det er snø som smeltar  Klokka er no 16.50, temperaturen på trappa er +16 grader C, sola er litt av og på i...