mandag, mars 04, 2024

Dagbok 2024:4.mars


                                                  GRATULERER MED DAGEN INGAR 14.år

Endeleg fekk eg til å legge inn eit bilde, det er ikkje heilt nytt, men det er i alle fall rett person,- Ingar som fyller år i dag.Her sit han på rommet sitt heime i Kongsberg. I år 2024, fyller Amanda 24 år, Audun 34, Ingar 14 år, og eg 84 år. Slik følgjer vi siste sifferet i årstalet.

I dag er det vårstemning i Starevegen, eg kom nettopp inn etter å ha gjort litt hagearbeid, men eg synest hagen blir større og større til eldre eg blir. Eg har både tid og krefter til å jobbe i hagen, problemet er at ryggen ikkje likar at eg bøyer meg. Men noko må det vere når ein er så gammal.

I dag hadde eg planen klar, eg skulle vaske "ned" soverommet mitt, og det vart gjort på den måten eg kunne greie det, og så bytta eg på senga, vaska gardinene og fekk dei opp att etc etc. Det var kjekt å få det gjort om det ikkje blir heilt perfekt. Eg gav meg god tid, stressa ikkje og datt ikkje ned frå "trappa" mi, så alt gjekk bra. 

Naboen heldt på å klippe trea i hagen sin, og så tilbaud han seg til å klippe mine tre også. Han har ei saks på eit langt skaft, så han slepp å klare opp i trea. Eg har veldig hjelpsomme naboar.

No på ettermiddagen har eg vore ut og rydda litt, klipt greinene opp smått, så kan eg brenne dei i omnen når dei er tørre. Så slepp eg å køyre på VØR, men det tek si tid, og eg vart ikkje ferdig i dag.

I dag har eg ikkje hatt på TV-en, så no må eg snart sette på og høyre korleis det står til med kongen. Eg sa det då dronning Margrete abdiserte og det kunne kongen også ha gjort, då kunne han slappa av og hatt gode dagar. 

I morgon er det trening, onsdag spansk og torsdag trening igjen. Det er rart med det, om ikkje det tek så mykje tid, direkte, så går mykje av dagen med. I morgon må eg hugse å bestille EU kontroll på bilen.

          Her er Rasmus-familien i Trovågen , juni 2021, Ingar lengst til høgre.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 8.mai

Det var fart på elva i dag igjen,det er snø som smeltar  Klokka er no 16.50, temperaturen på trappa er +16 grader C, sola er litt av og på i...