onsdag, mars 13, 2024


Desse fine primulaene kjøpte eg for ei tid sidan, dessverre er alle visbna og døde, men det er no litt trøst i bildet.( men eg får ikkje klipt bort fføtene mine nedst i kanten,


 Klokka er no 18, temperaturen ute er + 9 graderC og det regnar. Eg saknar sol og fint ver, men det kunne ha vore verre, vi kunne ha fått snø. Eg kjenner at det er huskaldt til tross for varmepumpe, så eg har vore ut og henta litt ved i garasjen. Det var siste resten av "kjøpeved", så eg får vel kjøpe litt meir. Eg nektar å sitte og fryse.

I dag hadde eg tenkt å stå opp litt tidleg og sjå  meir på  spanskleksa før eg skulle på kurs. Eg hadde sett vekkarklokka på halv 8, men vakna mykje før og stod opp, så eg fekk god tid. Eg veit ikkje kor mykje lærdom eg greier å få i meg på kurs, men eg synest det er kjekt å komme i lag med gjengen , og litt lærer eg vel.

Eg for beint heim att etterpå og hadde tenkt å gå tur-men ikkje i dette veret, nei. Det vart til at eg sette meg til med spansken her heime og jobba litt med den mens stoffet var ferskt. Middag hadde eg att frå i går; når eg først lagar middag så held det som regel i minst to dagar. Eg har god appetitt og er ikkje kresen, så eg treng ikkje å lage så fin mat.

Eg sat og såg nyheiter og strikka, som vanleg, og sovna. Og vakna med ein voldsom tinnitus-den har eg enno. Eg har hatt tinnitus i over 20 år., etter kvart vart det stilt i øyret, men no er det på han igjen. Dei første åra eg var plaga var det heilt grusomt og eg prøvde alt for å få det stilt. Så var det bra i mange år, men i det siste dukkar det opp igjen. Ein gong eg var i kyrkja på begravelse, vart det heilt vilt når dei ringde med kyrkjeklokkene. Så eg vegrar meg for å stille opp når eg eigentleg bør.

I morgon skal vi på trening igjen, og etterpå skal vi handle, Marit og eg. Marit passar på-og i morgon er det tredobbel trumf, så eg har fått påminning om at eg må skrive hugseliste.

Det var litt artig på butikken i går. På KIWI og mange andre butikkar er gjær plassert høgt oppe i eit skap med glasdør. Verken Marit eller eg når opp. Eg har spurt om dei ikkje kan plassere gjæren litt lenger ned, men det kan dei ikkje for KIWI har bestemt at det skal vere slik . I går skulle Marit ha gjær og ho spurde ei anna dame(kunde) om ho kunne hjelpe og det gjorde ho. Marit spurde om eg skulle ha, men eg kunne vente til ein annan dag.Vi stod der tre eldre damer med kvar si "vogn", og då den framande gjekk tok ho feil og tok mi, eg for etter og fikk ordna opp. Men då eg kom i kassa fann eg to pakkar gjær i vogna. Eg betalte dei sjølvsagt og tok dei med heim, så no har eg gjær i hus, skal tru om ho andre har det?

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 9.mai : Kristi himmelfartsdag

  Klokka er no16.47 , temperaturen ute er +10 grader, det har regna og  blése i heile dag; det var ikkje slik eg hadde tenkt at den ekstra f...