onsdag, mars 06, 2024

Dagbok 2024: 6.mars

            Denne fine buketten fekk eg av Einar til bursdagen min-var det i fjor eller året før ?No får eg  glede meg over bildet, Eg har framleis ikkje fått orden på bildebehandlinga mi.

No er klokka 18.26, det er delvis skya og +4 grader. Eg skulle ønske at vi fekk sommartida i begynnelsen av mars i staden for i slutten, for no  er det alt begynt å skymest ute, og sola kjem tidleg om morgonen.

I dag hadde eg ikkje bil, så eg gjekk ned til Bakk-Ola til klokka 11, det er då spansken begynner. Det var fint å gå, men avstandane er så mykje lenger enn når ein brukar bil. Eg kunne ha henta bilen min i går, men det vart slik tull med telefonane at eg venta. Etter spansken i dag gjekk eg ned på verkstaden og henta bilen, så no er den både blitt reparert og godkjent. Det var godt å sleppe alle bakkane hit opp. Eg er så vand til å bile at  ein ikkje merkar avstandane før ein går. Forresten så har eg no gått ein god del i det siste både her og i Volda. I min ungdom gjekk vi alltid, ikkje så mange som hadde bil då.

Eg hadde ikkje tenkt ut noko til middag så eg tok berre ei brødskive. Sidan eg gjekk litt tidleg frå spansken jobba eg med oppgåver heime, eg likar å bruke Google translate, for då veit eg at det blir rett.

Eg har mykje som skal gjerast ute, i dag raka eg singelen frå plen til tun. På eine sida, der den største snødungen er-er der enno mykje att. Og så tenkjer eg på "Vesle lerka" som trur på vår med ein einaste gong. Vi må no kanskje rekne med at vi får meir snø og kulde før våren kjem for alvor. 

No har eg laga meg ny kaffi som eg skal kose meg med mens eg strikkar og ser TV. Det går fint å strikke med den brotne handa berre eg ikkje held på for lenge. I morgon er det trening igjen frå 10-11.


 

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 8.mai

Det var fart på elva i dag igjen,det er snø som smeltar  Klokka er no 16.50, temperaturen på trappa er +16 grader C, sola er litt av og på i...