lørdag, april 27, 2013

Dagbok 2013: 27.april.

Klokka er no 20.00, temperaturen er +7 grader og det er lettskya og ganske fint.Men altså kaldt.
I dag hadde vi bestemt oss for ein tur til Grodås, sidan Anne Marie, systra til Nils, var der på fylkesårsmøte i Saniteten. Ho visste ikkje at vi kom. Mens vi venta på at ho skulle ha pause, kjøpte vi oss kaffi og eplekake i kafeen. Anne Marie vart ganske forundra då ho såg oss, og vi fekk ikkje prata så lenge med henne. Ho måtte følge programmet, det var vi budde på. Men vi hadde ein annan plan.
Vi hadde tenkt å sjå om det gikk an å komme seg til Otterdal. Vi visste sjølvsagt at vegen var øydelagt, slik at vi ikkje kunne køyre heilt inn. Vi såg på skiltet at det var 4 km frå Grodås. Eg resonnerte slik: Viss vi kan køyre halve vegen, greier eg sikkert å gå 2 km fram og to tilbake. (Eg hadde sjølvsagt tatt på meg dei beste støvlettane mine med hæl og greier-dei nykjøpte Ecco Biom var att heime). Det var ikkje to km til bommen. Toppen ein. Og vegen var mykje meir øydelagd enn vi trudde, ikkje eit kort stykke, men nesten heilt inn. Då vi kom så langt at vi såg inn i dalen, snudde vi-eg måtte tenke på retretten.Eg har vondt under særlig eine hælen, så eg kjem nok til å kjenne at eg har vore på ville vegar. Eg tok bilde heile vegen innover, men ikkje på tilbaketure. Nils er med på dei fleste bilda sidan han gjekk føre. Vi trefte ein mann med sykkel, han fortalde at vegen skal reparerast. Det bur 10 personar fast i dalen.Der låg is på vatnet, men det var sol og lunt der vi gjekk på den sørvende stranda.





3 kommentarer:

solveig sa...

Den vegen såg direkte skummel ut! I dag har det vore litt sol her. Eg fekk meg eit par timar i hagen.

Besta sa...

Det var ikkje berre eit lite stykke av vegen som var øydelagt, men minst 1 km.Har mange bilde, men la ikkje inn heile strekninga.

Hildegard sa...

Fine bilder av søskenparet og vegen til Otterdal. Vi har kosa oss heime, passar Mira og går tur med henne.

Dagbok 2024: 26.april

Klokka er no 16.30, temperaturen ute er +8 grader og no skin sola mellom skyene. Det er berre ei lita stund sidan eg kom att frå turen på Ve...