søndag, april 28, 2013

Dagbok 2013: 28.april

Klokka har passert 19.00. Ute er det overskya og litt regn. Temperaturen er + 7 grader. Ingen sommar akkurat, knapt nok vår.
Men vi har vore på vårshowet til ballettskulen på Kulturhuset.No har vi berre Amanda med i balletten, men ho dansar til gjengjeld på tre parti, klassisk, jazz og comtemporary(samtidsdans). I dag hadde klassikarane fått nye kostymer frå England og det var stas. Det strutta i tutuar i alle fargar. Amanda dansa i svart. Dansen var fin, kostyma var fine, og musikken kunne ha vore fin. Men Vivaldis "Årstidene" på så høg styrke skar i øyrene mine, men så er eg veldig følsom når det gjeld sterk lyd.
I andre avdeling såg vi ei dramatisering av ei skotsk barnefortelling som heiter "Prinsessa og dvergane". Det var kveldens høgdepunkt, til tross for at Amanda ikkje var med. Dei hadde hatt skotsk koreograf til denne delen. Her var alt perfekt, kostymar, musikk og dans. Denne delen skal trulig visast under Dei nynorske festspela.
Tredje og siste delen var koreografert av lærarar ved ballettskulen. Den handla om vikingtid og mytologi i Norge. Her var Amanda med og dansa "troll".Flink jente. Fekk ikkje tatt bilde av henne i kostyme, men sminken og håret var att.
I morgon skal ho berre på ei ballettøving, vanligvis trenar ho to timar om måndagane. Dei kjem i alle fall hit til middag, som vanlig.
Elles har det ikkje hendt så mykje i dag. Før middag gjorde eg litt husarbeid, strikka litt og laga middag. Nils gikk ein liten tur.

2 kommentarer:

arieldog sa...

Kjekt at de ville kome og sjå på! Eg var svært imponert over dei to siste delane av showet.

Besta sa...

Tåspissdansarane var sikkert flinke dei også, men eg likar at det "skjer" noko i ein ballett. Handling altså! Tutuane er fine, men kostymane som Jirij hadde laga, var skikkelig tøffe.

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...