lørdag, april 20, 2013

Dagbok 2013: 20.april


Klokka er snart halv fire. Vi har nettopp hatt eit herremåltid med sei i kvit saus med poteter og gulrot+ litt bacon frå i går. Vi lever godt! I dag var det sol ei stund på føremiddagen, men iskald vind. No har det skya over, men det er framleis opplett. Temperaturen er +10 grader C.
I dag hadde vi ikkje noko spesielt på programmet, men vi tok ein tur nedover. Gikk ein tur gjennom gågata, der møtte vi Solfrid med den midterste sonen sin, som er på alder med Margrete. Han bur i Trondheim og hadde adoptert dialekten frå byen.
Vi såg at Inger og Rolf sat inne på ADAM. Vi gikk inn og prata litt med dei, men kjøpte ikkje noko i dag. På Staurset hadde dei fine skjorte på sal til 100 kr. Vi fann ei som passa til Nils eller ev. andre. Var berre så vidt innom Amfi i dag, men det vart til at eg kjøpte eit par sko som eg har sett på lenge. Skorne heiter Ecco Biom, og ei veninne, som heller ikkje er så god til beins, har anbefalt meg å kjøpe slike.Dei gjer slik at ein rettar seg opp i ryggen, sa ho, og det merka eg då eg prøvde dei. Dessutan vart det mindre press på hælane, som er det som plagar meg mest for tida. Her vart trykket fordelt under heile foten. Desse skorne er veldig populære. Fekk eit par ekstra reimar i grått.Nils fekk billig skjorte og eg fekk dyre skor- så gikk det opp i opp.
Vi kjørte bort på Rema 1000 for å handle mat der i dag, der trefte vi Kari og Kåre, så det vart ein lang prat der også. Vi såg at det var noko på gang i Rystefeltet/Osborg, så vi måtte bort å gløse litt. Der er stor byggeverksemd for tida; det vi hadde sett var tre vertikaldelte 4-mannsbustader. Elles blir det bygt fleire digre hus høgare oppe. Dei har fin utsikt-mot fjorden og Vallabøen.For dei som ikkje er kjende, kan eg opplyse at vi bur i fjellsida heilt til høgre i nedste bildet.
No har vi vore såpass sosiale at vi kan slappe av heime resten av dagen og kvelden.

2 kommentarer:

solveig sa...

Det er viktig med gode sko! Og desse var stilige også!

Besta sa...

Viss du søker på nettet, vil du sjå at dei finst i utrulig mange variantar. Av dei som var på butikken her, likte eg best desse. Då eg kom heim, registrerte eg at eg hadde turkis genser og grå jakke på meg. Fekk eit ekstra sett reimar, og dei var grå.Prøvde skorne laurdag e.m. og dei var virkelig gode.