onsdag, april 10, 2013

Dagbok 2013: 10.april

Klokka er 20.15, temperaturen +2 grader, og det er framleis nydelig vêr. Eg kom nettopp inn att etter ei runde rundt Storebakken. Hadde med meg fotoapparat for å eksperimentere litt. Det store "blinkskotet" har eg enno til gode. I dag trefte eg berre ei dame med hund, var litt seinare ute enn vanlig. Elles brukar eg lang tid på turen min, for der er alltid nokon å slå av ein prat med.
I dag lånte Nils tilhengar med naboen og køyrde heim resten av bjørka, og i tillegg nokre oretre som stod så lagleg til. Så no har han arbeid nokre dagar med å kløyve og ha i sekkar.Eg skulle prøve å raske saman nokre greiner som vart klipt av plommetrea ein gong i vinter, men måtte gi opp, for dei var heilt fastfrosne. Det er tjukk is under snøen.
Eg sjekka yr.no og fann ut at det skal regne heile neste veke, så eg heiv meg rundt, bytta på sengane, lufta sengetøy, vaska soverommet m.m. Vaska sengkleda, fekk dei tørre og strekte dei på att. Likar å vaske sengetøyet når eg får tørke det ute.
Elles har eg gjort det vanlige husarbeidet; steikte ei stor mengde med sei til middag, meir enn vi greidde å ete opp.
Etter middag reidde eg opp solsenga mi og låg ute og las i lydboka ei god stund.Dei var heilt herlig.Kosar meg for tida med Jussi Adler Olsen.



2 kommentarer:

solveig sa...

Då kosar vi oss med same bok - eg er halvvegs i papirutgåva!

Besta sa...

Eg er ikkje komen så langt, skal til på CD 5. Hadde eg lese papirutgåva skulle eg notert ned dei beste "metaforane" og andre seiemåtar.Språket løftar bøkene til store høgder.

DAGBOK 2024: 19. APRIL

  Dette bildet er eit par veker gammalt, eg har ikkje fått orden på bildebruken enno. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er+8 grader, det ...