fredag, september 25, 2026

Dagbok 2026; 25.september

Klokka er no 18.41, temperaturen ute er+9 graderCog det regnar litt. Det har ikkje vore fristane å gå ut i dag, men det gjekk bra med turen eg tok i går, eg vart ikkje verre i foten av den.

I dag har eg vore heime åleine heile dagen, og Marit er ikkje heime så eg har ikkje vore over gata heller. Eg syntest det var litt trasig ei stund, men så kom det seg. Eg laga skikkeleg middag til berre meg sjølv, (dvs. eg varma ein porsjon med kjøttkaker frå Fjordland) -og begynte litt etter kvart å trivast med å vere her åleine. Eg har meir glede av datamaskina enn eg har av TV-en, så no har eg vore her inne og høyrt på musikk og strikka ferdig ein lest,-eg må vel lage ein til samme sorten-? Sist vår fekk eg betendelse i høgre handa og det var lenge før eg vart så bra at eg kunne strikke litt igjen, så no kosar eg meg med strikketøy-strikkar lester til alle i familien , så pass mange at dei skal vere hjelpte om eg sluttar av.

Elles så møtte eg no Ingeborg i går, ho er lærar i Oslo og har haustferie no, det kan no hende eg får sjå både henne og fleire i løpet av helga. Desse barnebarna mine er strødd utover heile landet -nesten. Ingen i Nord-Norge no etter at sonen til Rasmus vart ferdig med studiet i Tromsø. Men elles i Trondheim, Bergen og Oslo, men vi har no nokre her i Ørsta/Volda /Hareid  også.

No trur eg at eg nå ha ein kaffikopp før eg tek til på lest nummer 2. 

Sidag det er fredag kan eg no ønske alle ei god helg!


Ingen kommentarer:

Dagbok 2026; 25.september

Klokka er no 18.41, temperaturen ute er+9 graderCog det regnar litt. Det har ikkje vore fristane å gå  ut i dag, men det gjekk bra med turen...