lørdag, september 26, 2026

Dagbok 2026:26.September

 

TV og srikketøy, ein kopp  kaffi og litt å bite i

Klokka er no 20.10. Temperaturen ute er+9 grader og det regnar litt. Det har ikkje endt så mykje i dag -og det kan vere det samme. Eg var litt spent på om bilen ville starte i dag, og det ville han, så det vart ein tur på butikken. Eg har begynt med å skrive ned med ein gong eg manglar noko, så veit eg kva eg skal kjøpe. Det har visst blitt litt for mykje av eitt og anna i det siste-

Då eg kom heim frå butikken sette eg meg føre å lese heile avisa-og det gjorde eg faktisk sjølv om det tojk si tid-men der var mykje godt stoff å lese i dag.. Kva eg har gjort elles er eg ikkje sikker på ,men då det leid mpt kveld begynte eg å strikke på eon lest, eg strikka ein i går kveld som måtte få ein til med seg. Eg ser no TV innimellom, og så har eg kaffi og litt av kvart attåt. Solveig kjem ofte med noko godt-ho er så flink å bake. 

Det er noko som er rart no når eg er blitt gammal -eg får ikkje til å bake slik som før-ja, det er no mange ting eg ikkje kan gjere lenger-men eg kan ikkje forstå at ein ikkje kan bake om ein er gammal-????????

Eg skal no ta eit bilde å henge på her, men eg må ladde opp telefonen først-


Ingen kommentarer:

Dagbok 2026:26.September

  TV og srikketøy, ein kopp  kaffi og litt å bite i Klokka er no 20.10. Temperaturen ute er+9 grader og det regnar litt. Det har ikkje endt ...