tirsdag, april 16, 2013

Dagbok 2013: 16.april

Klokka er ca 12.30. Temperaturen er +13-14  grader, og det er overskya med nokre regndropar av og til.Fint vårvêr med andre ord.
Eg har brukt føremiddagen til å vaske og rydde kjøkken og bad. Og så var eg ut i hagen og raka i hop nokre greiner. Snøen er nesten borte no, men elles er det ikkje mange vårteikn å sjå. Ei einsleg snøklokke fann eg, og ein krokus. Men så har vi ikkje så mykje bed og blomster lenger heller- i alle fall ikkje nedom huset. Det lange rosebeddet nede i hagen, har vi lagt att, det vart for mykje å halde orden på. Nokre bed står att og eg gler meg til å pynte opp litt. Har funne ut at det er greitt å kjøpe sommarblomster som varer ein sommar.
I går fann eg ei bildemappe på PC-en , med bilde frå nesten alle dagar i 2009. Slik såg det ut i hagen den 17.april det året.
I kveld skal eg på pensjonisttreff på Velle skule. Det blir kjekt å møte att "gamle" arbeidskameratar. Vi har alltid mykje å snakke om. I fjor måtte eg melde avbod fordi er vart så forkjøla.

Nils er borte hos naboen og hjelper han med å sage sund resten av sypressen.


Ingen kommentarer:

Dagbok 2026: 15.april

  Klokka er no17.43; temperaturen ute er +15 grader C og sola skin og skin, både ute og inne.Eg har vore oppe hos Marit ei god stund no, vi ...