tirsdag, april 23, 2013

Dagbok 2013: 23.april.

Klokka har passert halv åtte, ute haglar det og temperaturen er + 5 grader. Det er fint vêr å vere inne i, for å seie det slik. Har hatt som eit slags mål å gå ein tur ut kvar dag, men denne dagen trur eg  at eg må stå over, om det ikkje lettar opp snart.
Før middag vaska eg grundig kjøkken og bad og gjorde ymse anna i huset før vi tok ein tur på Amfi og handla.Det var i grunnen berre ei rabbe vi skulle ha, men kom ut med eit stort nett matvarer. Som vanlig trefte vi mykje kjekt folk å prate med.
Eg har ei stor god aluminiumspanne (kasserolle) som eg brukar til graut og anna melkemat. I går då eg skod og vaska den, tenkte eg med gru på at aluminiumspanner er ein saga blott, og kva når den eg har er utsliten?
Eg har sett på nokre dei har på Jernia, berekna for såkalla "storkjøkken", og lurt på om eg skulle kjøpe ei slik. Eg rådførte meg med NIls og han var enig i at ei aluminiumspanne MÅTTE vi ha. Vi er alltid rørande enige når det gjeld innkjøp av panner og steikepanner. Panna blei kjøpt og betalt (1050 kr)og er no eit supplement til den allereie store kasserolleparken vår. Aluminium kan ein ikkje vaske i maskin, men eg har god tid å vaske for hand. Vi kokar ofte suppe når vi er mange, så panna blir nok brukt!


Vi kjøpte gjødsel til plenane i dag, for det er så vidt begynt å spire litt.
I dag varma vi opp resten av blandaballen som eg laga på laurdag. Den var ikkje så god som nylaga, men gikk likevel ned på høgkant. Etterpå slokna eg på sofaen med lydbok. Då vi skulle drikke kaffi kom ein nabo innom, og det passa godt. Elles brukar mannfolka i nabolaget å stå i ein eller annan garasje og prate om kveldane.
I morgon blir det ein "travel" dag, med pensjonistmøte. Då er vi på Kulturhuset og lagar til frå klokka 12 og utover, og så begynner møtet klokka 16.00.
I dag fyller svigerinna vår på Eid år, og vi gratulerer! Håper du har hatt ein god dag, Bodil! Vi må snart ha oss ein tur bortover.

4 kommentarer:

solveig sa...

Stilig panne! Eg visste ikkje at det fantest aluminiumspanner i handelen.

Besta sa...

Nei, det er sjelden. På Jernia i Kongsberg hadde dei ikkje. Men her har dei nokre som er berekna til såkalla Storkjøkken. Dette var den minste dei hadde.

Hildegard sa...

Enig i at aluminiumspanne MÅ ein ha. Eg slit framleis på våre gode gamle, har også ei riktig gamal ståande i kjellaren, kanskje farmor si? Takk for helsing på bursdagen min.

Besta sa...

Vi har også ei gammal i kjellaren, men når dei er stygge og svartprikka i botnen er dei ikkje brukande til all slags mat.

Dagbok 2024: 24.april

                           Eg gjekk ein runde på Vernet før eg for på møte. Klokka er no 18.04, temperaturen ute er + 7 grader, sola skin no...