torsdag, april 18, 2013

Dagbok 2013: 18.april


Klokka er snart 16.30, temperaturen ute er + 9  grader C og akkurat no regnar det. Tidlegare i dag var det litt lettare. Nils reiste ut for å fiske i 9-tida. Eg skreiv ein liten epistel til avisa før eg sette i gang å støvsuge.
Då det var gjort, skreiv eg referat frå møtet i går, og før eg var ferdig, var Nils komen heim att- med ein pen seifangst. Han delte ut småsei til dei naboane som ville ha, og hengde opp dei største fiskane.
Han fiskar berre til han har så mykje at han har nok, er ikkje interessert i å stå i dagesvis og filetere fisk.
Vi åt kokt småsei til middag, og måtte ha oss ei kvilestund etterpå.
Elles så driv eg og "klikkar" uti eningen, fordi eg finn så mange skrivefeil i avisa. Kva folk skriv reint privat tek eg ikkje så tungt, men eg meiner at det som skal på trykk i avisa, skrive av journalistane, bør vere korrekt. I dag hadde ein og same person skrive to artiklar om garden Ytste Skotet i Geirangerfjorden. Den eine artikkelen hadde namnet rett i overskrifta; over den andre stod det Yste Skotet. Inne i begge stykka stod det feil heile tida. Ytste er kanskje ikkje eit ord som er mykje brukt, men det er avleidd av ordet ytre, begge har opphav i ordet ut. Yste tyder, så vidt eg veit, å lage ost, og har ingen ting med namnet på garden å gjere.
Snart klikkar Nils fordi eg øser meg opp over slike bagatellar, men viss det finst noko slikt som ein rettskrivingsmafia melder eg meg inn tvert. Det finst gode ordlister på nett t.d. og det er lov å bruke dei. Og særnamn bør ein sjekke opp før ein set dei på trykk.
I kveld skal vi til Folkestad og høyre og sjå på10.klassingane som har laga musikal. Eirik skal synge, veit eg. Det blir sikkert kjekt. Men først skal vi innom Margrete med nokre hagemøblar som vi har ståande her.
Vi var på Folkestad skule og såg musikalen deira. Dei som vil kan sjå bilde på Margrete sin blogg.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: torsdag18.april

   Det er nokre år sidan dette bildet vart tatt på Hareid, med alle barnebarna i samme sofa Klokka er no16.56, temperaturen ute er + 10 grad...