Klokka er snart 20.00 og sola skin. Vi har hatt enda ein nydelig dag med sol frå klår himmel. Det er ikkje til å tru. Temperaturen på trappa er no + 2 grader C, men i deg har det vore opp i 9-10 grader max. Snøen smeltar, men det går ikkje fort.
I dag før middag måtte eg gjere ein innsats i huset, særlig kjøkkenet trong ein omgang.Eg fekk til og med vaska steikomnen. Mens eg vaska og rydda inne, kløyvde Nils ved i garasjen.
Så var det ein tur på biblio for å hente siste boka til Jussi Adler Olsen, min favoritt-krimforfattar. Margrete hadde bestilt boka, men eg henta den og lånte den i mitt namn.No har eg rippa den, og har den på PC-en. Så NO, Solveig, må du snart komme og fylle opp. På heimvegen tok vi med oss nokre av kubbane som låg att, men vi har på langt nær fått heim all veden.
I dag var det fiskekaker frå frysaren til middag, og etter at vi hadde ete, la eg meg i senga mi på altanen, med lydbok, og hadde det herlig i sola.
Etter oppstandelsen hengde eg opp klede etc., og så gjekk eg runda mi.I dag trefte eg tre damer med hund. Ser ut frå at eg treffer luftetida kvar dag.
I nr.10 har det vore visning i dag, men vi veit sjølvsagt ingen ting om korleis det gjekk. Eit anna hus, lenger nede på Vallabøen, vart selt for 4,1mill. Men det var eit større hus, med utleigeleilegheit.
Nils og eg fekk skattesetlane våre i dag. Han fekk att meir enn eg, tilsaman fekk vi ca 10 000 kr. Trur ikkje pengane fører til særlig store sprell, men dei kjem sikkert vel med.
I dag har svigerinna mi i Solund fødselsdag, og vi gratulerer! Eg har ikkje vore i Solund sidan 60-årsdagen hennar, og det er nokre år sidan.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026:3.september
Kjempesøte svartsurbær Klokka er no17.15, temperaturen ute er+16 graderC, og sola skin. Ho kjem ikkje her før det lid nokså langt på dag, m...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...
-
Klokka er no snart 18.00, temperaturen 10-11 grader C, og det er framleis sol sjølv om det blir meir skyer etter kvart.Sidan eg har tatt b...
1 kommentar:
Eg er midt i papirutgåva av Marco-effekten. Kosar meg!Skatteoppgjer til hausten her.
Legg inn en kommentar