søndag, april 07, 2013

Dagbok 2013: 7.april.

 
 
 
 
 
Klokka er på veg mot 20.00, men vi har sola enno, så vidt det er. Det er fint vêr ute, men temperaturen har gått ned til + 3 grader C. Ei stund i dag var det meir vårlig temperatur, max 10 grader C..
Vi stod opp til snøkave i dag også, og det var tydelig at det hadde kome ein god del kvitt sist natt også. Nils og nabokarane måtte ut og mòke, men ingen tok fram snøfresar i dag. Etter kvart skein det opp og vi fekk sol igjen! Ut på føremiddagen kom ein kranbil og leikarhuset i hagen til nr. 10 vart frakta til den nye eigaren som bur litt lenger inne. I morgon er det visning i huset, som skal seljast, og alle er spente på kven som blir dei nye naboane våre.
Eg gjorde ikkje så mykje fornuftig før middag, men eg laga i alle fall middag, i dag vart det sei i form, MÅTTE berre ha fisk i dag etter fleire fiskefri dagar.
Etter at vi hadde slappa av litt, køyrde vi ut til Rjåneset for å sjå til båten, og ev. ause. Det hadde snødd ein god del der ute også, men der tinar det fortare. Eg gikk tur på stien som vanlig, men no hadde dei rydda vekk alt buskaset på nedsida -noko som eg var veldig nøgd med.Særlig dersom buskene blir fjerna i staden for å bli kasta på sjøen. 
I dag fann vi fleire vegar å gå på der ute og fekk orientert oss litt i området. Der er relativt stor byggeverksemd der ute no, etter det vi kunne sjå bygger dei både hus og hytteur.
Blei sittande ute og prate med Marit då vi om heim, før eg tok min "Big Hill Tour".

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 18.mai

Klokka er no 17.56 , ute er det overskya, opplett hittil og berre +16 grader, det var litt av ein overgang, og eg likar det ikkje. Og no er ...